100% stilling som verksemdsleiar Rus og psykisk helse
Er du ein leiar som inspirerer og utvikler?
Ullensvang kommune søkjer ein engasjert verksemdsleiar som vil vere med på å forme framtida for helse- og omsorgstenestene i Ullensvang kommune. I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i utvikling og drift av tenester som er viktige for innbyggjarane våre.
Rus og psykiske helsetenester i Ullensvang Kommune er inndelt i tre hovudområder: Odda, Jondal og Kinsarvik. Tenestene rettar seg mot menneske over 18 år med ulike psykiske vanskar og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Rus og psykisk helse er ei lågterskelteneste, der målgruppa er personar med:
Lettare psykiske helseproblem som t.d. angst eller depresjon
Psykiske lidingar
Rusmiddelavhengigheit
Behov for oppfølging, støtte eller rehabilitering for å meistre kvardagen betre
Tenesta for rus og psykisk helse har ulike tilbod, som dagtilbod, døgntilbod, individuell oppfølging og gruppetilbod. Tenesta har eige team for Rask Psykisk Helsehjelp for brukarar med behov for eit kortvarig behandlingsforløp ved lette til moderate psykiske plager.
Me tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med mogelegheit for personleg og fagleg utvikling i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Overordna ansvar for drift av tenesta, inkludert alle tilhøyrande avdelingar
Personal- og økonomiansvar
Delta i utarbeiding av tenesta sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet
Bidra til fagutvikling, auka kompetanse og tverrfagleg samarbeid
Vidareutvikle tenesta sine tilbod i tråd med gjeldande retningslinjer og lovverk
Rettleia personalet i det daglege arbeidet og i samband med faglege spørsmål.
Etablera, inspirera og motivera til samarbeid
Bistå tilsette i komplekse og faglege utfordrande brukarsaker
Koordinera og utføra opplæring av fagkunnskap
Utvikla stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling og læring står sterkt.
Verksemdsleiar er del av leiargruppa i Helse og omsorg, og vil vera lokalisert i Odda, men og ha faste møteplassar ved dei andre avdelingane i kommunen.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Utdanning: Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, gjerne kombinert med leiarutdanning.
Erfaring: Erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester er ein fordel. Tidlegare erfaring som leiar. God kunnskap om relevant lovverk og nasjonale føringar. Kunnskap og erfaring frå systematisk kvalitetsarbeid.
Språkkrav: Gode ferdigheiter i norsk både munnleg og skriftleg (minimum B2-nivå).
Digitale ferdigheiter: God digital kompetanse, og kjennskap til digitale verktøy. Kommunen nyttar mellom anna systema Google, Websak og Aidn.
Personlege eigenskapar:
Det er viktig at du er trygg på deg sjølv, då kvardagen til tider kan vere krevjande. Ein arbeider etter vedtekne rammer, samt forventningar frå brukarar, pårørande, tilsynsmynde og leiing. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Tydeleg og resultatsorientert, med fokus på utvikling
Sjølvstendig, ansvarleg, fleksibel og løysingsorientert
Jobbar strukturert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne
Er dyktig på relasjonsbygging og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Har eit brennande engasjement for menneske, fag og kvalitet innanfor eit viktig fagfelt
Krav:
Politiattest jfr gjeldande lov, nyare enn 3 månader må visast før oppstart
Krav til førarkort Klasse B
Vi tilbyr:
Løn etter lokal avlønningsmodell for leiarar
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
Gode utviklingsmogelegheiter
Godt arbeidsmiljø
Avtale om køyregodtgjersle
Fleksitid
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv(IA), gode permisjons- og pensjonsordningar
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.06.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Dagrun Myrland
mob: +47 92640046
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda