100% prosjektstilling som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon
100% prosjektstilling som helsesjukepleiar med flyktning barn og unge ved Ullensvang helsestasjon
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert medarbeider for helsestasjonen vår og har behov for helsesjukepleiar i 100 % prosjektstilling. Stillinga vert ledig i eitt år, frå 1.juni 2025 med moglegheit for forlenging.
Ullensvang kommune vil styrka satsing på flyktning barn/unge og deira familie. Helsestasjonen har fått innvilga tilskot frå Helsedirektoratet for styrking og utvikling av førebyggjande og helsefremjande arbeid med flyktningar i helsestasjon og skulehelsetenesta.
Gjennom styrking og utvikling av tenesta for flyktningar, vil det gi auka tilgjengelegheit i helsestasjon og skulehelsetenesta for flyktningar, asylsøkjarar, EM-einsleg mindreårige flyktningarjjh og familiegjenforente.
Brenn du for å styrka den fysiske og psykiske helsa hjå flyktning barn og unge med deira familie, samt mindreårige flyktninger? Vil du være med på å forme eit framtidsretta og tverrfagleg samarbeid med andre instanser i kommunen, som gjer ein reell forskjell for denne målgruppa i Ullensvang kommune? Då kan dette vera stillinga for deg!
Ullensvang helsestasjon består av svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste for grunnskule og videregående skule og helsestasjon for ungdom - HFU i alder 0-23 år og deira familie. Kommunen tar i mot omlag 40 nye flyktninger per år. Me dekkjer eit stort område, med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.
Me ynskjer oss helsesjukepleiar som saman med dei tilsette på helsestasjonen kan bidra til å gje eit godt fagleg tilbod til flyktning barn og familier i Ullensvang. Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte helsesjukepleiarar, psykolog, jordmødre, helsestasjonslege, fysioterapeut, barnekoordinator og helsesekretær, med tilsaman 25 tilsette.
Om stillinga
Stillinga ligg under oppvekst og utdanning, med organisatorisk plassering på helsestasjonen under verksemdsleiar for helsestasjonen.
Tilbodet vil ha eit familieperspektiv og tilby foreldrestøtte og rettleiing til foreldre.
Me samarbeider på tvers med andre tenester for å fremja kompetanseheving gjennom fag og rettleiing. Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr.
Ullensvang kommune legg vekt på å løyse utfordringar hjå barn og unge der dei faktisk oppstår, utan å måtte gå gjennom byråkratiske prosesser og silo-strukturer. Dette gjev oss moglegheit til å handle raskt og effektivt, og styrker vår evne til å tilby rett hjelp på rett plass og i rett tid.
Di rolle
Som helsesjukepleiar vil du ha ei sentral rolle i å styrka den fysiske/psykiske helsa til flyktning barn og unge. Du vil samarbeide tett med helsesjukepleiar, flyktninglege, kommunepsykolog, psykisk helse for barn/vaksne, verksemd for inkludering samt andre samarbeidspartar i kommunen. Gjennom tverrfagleg samarbeid, vil det sikre eit heilskapleg tilbod som møter flyktningbarn og unge sine behov på rett plass og til rett tid. Vi jobbar etter den tverrfaglege modellen «Betre tverrfagleg innsats» (BTI) og ynskjer å byggje videre på denne strukturen. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.
Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss og søkjer nettopp deg i vårt fantastiske team.
Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiar og vernepleiar å søkje på stillinga.
Oppgåver og innhald for stillinga vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil være:
Helseundersøking av asylsøkjar, flyktning, midreårige flyktninger og familiegjenforente for å kartlegge helsetilstand og eventuelle behov for psykisk og/eller somatisk oppfylging
Utarbeide faste tverrfagleg samarbeidsarena med helse/inkludering
Evaluere og rapportere på framdrift
Kvalifikasjonar:
- Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier / vernepleiar ved tiltredelse
- Utdanning og erfaring med barn og unge
- Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Arbeid retta mot flyktning barn og unge
- Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar
- Norsk kunnskapar B2
- Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høg grad av sjølvstendigheit
- Personleg eigeskapar vert vektlagd
- Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med barn og unge
- Utdanning og erfaring med barn og unge
- Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta
- God forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
- Kompetanse eller erfaring med rettleiing
- Evne til å samarbeide og kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og målgrupper
- Er positiv, strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- God tålmod og forståelse i møte med flyktningbarn for tilpassing i eit nytt land
- Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie
- Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta
- Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
- Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner
- Norsk kunnskapar B2
- Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
Me tilbyr:
- Løn etter lov- og avtaleverk
- Varierte arbeidsoppgåver
- Medlemskap i pensjonsordning - KLP
- Ein spanande og utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og omsorgsfulle kollega
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtale
Andre krav:
- Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
- Gode IKT kunnskaper
- Godkjent Tuberkulinstatus
Å ha eit arbeidsmiljø som er prega av mangfald er ynskja og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden ellers. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.06.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Torbjørg Krogh Larsen
mob: +47 91140736
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda