Ullensvang kommune Odda barneskule

100% stilling som lærar ved Odda barneskole

100% fast stilling lærar - med oppstart 01.08.2024 eller etter avtale  

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med 300 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.  

 

Arbeidsoppgåvene kan innebera: 

  • undervisning i klassegruppe  
  • undervisning med enkeltelev eller lita gruppe  
  • samarbeid med lærarar på team  
  • samarbeid med assistentar og miljøterapeutar  
  • kontaktlærarfunksjon  

 

Ynskte kvalifikasjonar:  

  • Skriftleg og munnleg norskkunnskap  
  • godkjend lærarutdanning  
  • det vil vera ein fordel om du har kompetanse i blant anna desse faga: norsk, matematikk, engelsk, musikk, kunst og handverk og spes.ped.  
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Vi ser etter deg som:  

  • likar å arbeida med barn og unge  
  • er sjølvstendig  
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse 
  • likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar  

 

Vi tilbyr:  

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer  
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo  
  • Lønn etter hovudtariffavtalen

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.06.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Erlend Nævdal Bolstad

mob: +47 90182875

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: