Ullensvang kommune Utne barnehage

100% stilling som fagarbeidar ved Utne barnehage

100% stilling som fagarbeidar i Utne barnehage, fast stilling

 

Det er ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i Utne barnehage frå 11.08.2025. 

 

Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage på vakre Utne. Me er stolte av høg pedagogtettleik og kvalifiserte tilsette i alle stillingar. Vårt arbeid er prega av kvalitet og eit solid verdigrunnlag som legg grunnlaget for alt me gjer. 

 

Me har særleg fokus på: 

  • Deltakande vaksne i barnas leik

  • Sosial kompetanse

  • Matglede og gode måltid

  • Berekraftig utvikling

  • Samarbeid med nærområdet



For å trivast i stillinga er det viktig at du: 

  • Er omsorgsfull og har evne til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer

  • Har god relasjonskompetanse og ein løysingsorientert tilnærming

  • Er engasjert og bidrar positivt til vårt gode arbeidsmiljø

  • Har interesse for barnehagens satsingsområde og ynskjer å bidra til vidare utvikling. 


Ynskte kvalifikasjonar: 

  • erfaring frå arbeid med barn og unge

  • digitale kunnskaper

  • personlege eigenskaper og interesse for faget vert vektlagd

 

Me tilbyr: 

  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • Mogleghet for å jobbe i ein barnehage med høg fagleg standard

  • Ein spanande kvardag der du kan gjera ein forskjell i barns liv

  • Spanande og interessant arbeid med barn og unge

  • Lærerike og varierte arbeidsdagar 

  • Løn etter hovudtariffavtalen


Krav: 

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling, og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. 

  • Krav om politiattest. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltredning jf. Lov om barnehager §30. 

  • Godkjend tuberkulinstatus 

 

Er du den me leitar etter? Send oss søknaden din!

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2025

Arbeidsstad:

Utne

Kontaktpersonar:

Lene Vie Nordeide

mob: +47 92042630

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: