Er du ein prosjektleiar med god driv?
Ullensvang kommune - ein livskraftig og attraktiv Hardanger kommune i sterk utvikling.
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har om lag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
FAST STILLING SOM PROSJEKTLEIAR - STILLINGSSTORLEIK 100%
Vil du vera med å vidareutvikle Ullensvang Kommune?
Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Her har me ansvar for utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekta i kommunen. Ein spanande jobb i eit godt fagmiljø og på ein arbeidsplass det er lett å trivast.
Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og parkanlegg, ras- og flaumsikring og VA (vatn- og avlaupsanlegg).
Denne stillinga vil jobbe spesielt med prosjekt innan bygg, og me søker primært etter deg med erfaring frå prosjektleiing innan dette fagområdet.
Arbeidsoppgåver:
Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt i alle fasar, frå A-Å.
Ansvar for, og sikre at prosjekta vert utført jamfør kontrakter, offentlege krav, lover og forskrifter, (Anskaffelsesloven, Byggherreforskriften, Plan- og bygningsloven mm.), interne prosedyrer og rutiner.
Sørge for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
Ansvar for anskaffing og oppfølging av samarbeidspartnarar i heile prosessen; t.d. rådgjevande ingeniørar, entreprenørar mm.
Ansvar for planlegging og oppfølging av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansergrupper, ulike kommunale råd mm.
Ansvar for at SHA planar vert utarbeidd, revidert og fylgd opp gjennom heile byggeprosessen.
Ansvar for god framdrift og samtidig sikre at HMS alltid vert ivareteke.
Budsjettansvar for eigne prosjekt.
Økonomisk oppfylging og rapportering.
Evaluering av gjennomført prosjekt.
Ansvar for at all arkivverdig dokumentasjon arkiveres i kommunen sitt arkivsystem.
Ynskte kvalifikasjonar:
Godkjent høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
Gode digitale ferdigheiter.
Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. I denne utlysinga legg me spesielt vekt på bygg.
Erfaring frå kommunal sektor er fordel men ikkje eit krav.
Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
Struktur og budsjett-disiplin i prosjektgjennomføring.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.
Me ser etter deg som:
har gode samarbeidsevner og er god lagspelar
er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter
er engasjert, fleksibel og likar utfordringar
er strukturert og resultatorientert
er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig
er framoverlent og likar god framdrift
viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdøme-byggjar
trivast med å jobbe tverrfagleg
er god på deling av kunnskap og involvering
har positive haldningar og godt humør
er god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
Unik moglegheit å vere med å vidareutvikle Ullensvang kommune
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Utvikling av eigen kompetanse
Eit sterkt lag og godt fagmiljø
Eit godt og positivt arbeidsmiljø
Arbeidsplass i Odda
Løn etter avtale
Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA-avtale) og fleksibel arbeidstid
Tilsettingsdato etter avtale.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.05.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Marit Ystanes
mob: +47 926 82 815
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda