100% stilling som lærar ved Hauso skule
100% fast stilling som lærar ved Hauso skule
Hauso skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 63 elevar. Skulen ligg midt mellom fruktgardane på vestsida i Ullensvang kommune. Skulen som ligg tett ved skog, fjell og sjø brukar nærmiljøet aktivt i undervisninga.
Me søkjer etter lærar, gjerne med brei fagleg kompetanse i fast 100 % stilling frå 1. august 2025. Me søkjer spesielt etter lærar med faga norsk, engelsk og tysk for ungdomssteget. Stillinga vil truleg vera som kontaktærar på ungdomssteget.
Me skal frå hausten i gang med eit utviklingsprosjekt som fokuserer på positivt skulemiljø med verdiar og medverknad i fokus. Me ynskjer difor ein vaksen som er tydeleg og varm, som ser elevane og er oppteken av å skapa gode relasjonar. Me treng deg som er løysningsorientert, open for utfordringar, kreativ, likar samarbeid og er fleksibel.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
● Utdanning: Lærarutdanning eller tilsvarande jf. Opplæringslova §17-3.
● Erfaring er ynskjeleg
● Tydeleg vaksen.
● Evne til å jobba målretta og systematisk.
● Evne til å samarbeide.
● Evne til å utføre arbeidsoppgåver i ulike aldersgrupper på same tid.
● Interesse for faget - open for endringar.
● Har sansen for å variere undervisninga i eit klasserom som er både inne og ute.
● Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle elevane.
● Sjå elevar, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.
● Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for elevane.
● God på kommunikasjon, open for å få og gi konstruktiv tilbakemelding.
● Løysningsorientert.
● Fleksibel og kreativ.
● Godt humør, positiv og lojal innstilling til skulen og elevane.
● Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Hovudarbeidsoppgåver
● Kontaktlærar ungdomssteget.
● Ha ansvar for å observere elevane og å skape gode høve for utvikling.
● Sørge for eit godt foreldresamarbeid.
● Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling i tråd med gjeldande kompetansemål, saman med dei andre tilsette.
● Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og team.
● Ansvar for oppfølging av enkeltelev om behov.
● Sjå skulen som heilskap og ha omsorg for alle elevane.
● Vera ein god rollemodel for både elevane og dei andre tilsette.
● Utføre arbeid delegert av teamet eller rektor.
Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø.
● Løn etter tariff.
● Gode høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
● Ullensvang kommune har gode rekrutteringstilskot til nytilsette lærarar samt gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av
når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
25.05.2025
Arbeidsstad:
Hauso
Kontaktpersonar:
Sigrid Elisabeth Widding
mob: +47 975 19 914
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda