Ullensvang kommune Kinsarvik barnehage

100% stilling som spesialpedagog i Kinsarvik barnehage

Ullensvang kommune har ledig med 100% stilling fast som spesialpedagog i Kinsarvik barnehage frå 11.08.2025. 

Kinsarvik barnehage er ein romsleg og flott tre-avdelingsbarnehage som var ny august 2016. Me har gode arbeidsrom til pedagogane, eige pauserom og fleire grupperom med gode høve for å dela opp i leik og anna aktivitet. Ute har me eit stort og innhaldsrikt leikeområde.

 

Me held til øverst mot Huseskogen, der me har den fantastiske skogen rundt oss på fleire kantar. Me har eige turområde, med ei kjekk hytta der me kan fyra opp i ovnen og laga mat om me vil. Me har fleire gardar rett ved barnehagen, som me ofte besøker for å sjå på sauer, hest og kyr. 

 

Likar du å jobba med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt, fleirkulturelt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?

 

Som spesialpedagog har du ansvar for:

  • Planlegging og utøving av spesialpedagogisk hjelp til barn

  • Utarbeida individuell utviklingsplan og årsrapport

  • Kompetanseheving og rettleiing av tilsette i barnehagen

  • Samarbeid med foreldre

  • Samarbeida med andre faginstansar og delta i ansvarsgrupper

  • Sikra ei heilskapstenking i arbeidet rundt barna - både når det gjeld allmennpedagogikk og spesialpedagogikk

  • Bidra til systemtenking og iverksetting av tiltak i barnehagen

  • Bidra til god kvalitet i det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen gjennom tidleg innsats, kompetansedeling og rettleiing.

  • Samarbeid og deltakelse i nettverk med dei andre spesialpedagogane i kommunen

  • Særleg ansvar for språkutvikling og lågterskeltiltak for barn i barnehagen

  • Andre pedagogiske oppgåver på avdeling



Kvalifikasjonar og krav:

  • Spes.ped: Barnehagelærar med 30 stp i spesialpedagogikk. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf. Lov om barnehage

  • Spesialpedagogstillingane i Ullensvang kommune er organisert direkte inn i barnehagane, og barnehagestyrar er spesialpedagogane sin leiar

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning.

  • Anna relevant kompetanse som fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og evt anna fagskolekompetanse vert vurdert.

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30

  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

 

Personlege eigenskaper:

  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.

  • Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.

  • Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.

  • Evne til å jobba sjølvstendig og samstundes god på å samarbeida med andre i team



Me tilbyr:

  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

  • Gode utdanningsstipend

  • Vi kan tilby rekrutteringsavtale til barnehagelærere på kr. 30 000,- etter ett år i teneste, og ytterligere kr. 30 000,- etter to år i barnehagen.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
 
Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.05.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Aina Nilsen

mob: +47 45 42 72 98

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: