Ullensvang kommune Aga barnehage

100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Aga barnehage

Ullensvang kommune har ledig 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Aga barnehage frå 11.08.25 - 11.08.26

 

Aga barnehage held til i det gamle skulebygget på Syreflot (byggjefeltet på Aga). 

Barnehagen har 2 avdelingar med for tiden 30 plassar. Vi nyttar nærmiljøet mykje, t.d.

Idrettsanlegget Skotamyra og Agatunet.

 

Arbeidsoppgåver:

Som barne- og ungdomsarbeidar har du medansvar for:

  • Barna sin trivsel og utvikling

  • Godt samarbeid med barna, foreldra, personale

  • Systematisk og målretta arbeid og oppfølging for enkeltbarn og barnegrupper

  • Pedagogisk utvikling i barnehagen

  • At barnehagen er ein lærande organisasjon

 

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan og verta vurdert i stillinga.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

  • Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjent tuberkulinstatus

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel

  • Positiv

 

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.

  • Løn etter tariff.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.05.2025

Arbeidsstad:

Aga

Kontaktpersonar:

Randi Rød Reisæter

mob: +47 971 98 278

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: