Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage

100% stilling som barnehagelærar / pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage

Ullensvang kommune har ledige faste 100% stillingar som pedagogisk leiar/barnehagelærar i Eitrheimsvågen barnehage

 

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.

 

Vil du ha verdens viktigste jobb?

 

Faste 100% stillingar som pedagogisk leiar barnehagelærar fra 01.08.2025 

 

Eitrheimsvågen barnehage

Velkommen til å oss! Eitrheimsvågen barnehage har  114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.

 

Arbeidsoppgåver: 

Som pedagogisk leiar har du ansvar for 

  • Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • Å medverka til eit godt arbeidsmiljø 

  • Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • Å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet 

  • Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga 

  • Tverrfagleg samabeid med ulike instansar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk

  • Digitale kunnskaper

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget vert sterkt vektlagt.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30, Godkjend tuberkulinstatus

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setje inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Robust

  • Godt humør og positiv innstilling


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men veldig kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtale

  • etter 1 år som barnehagelærar får ein utbetalt kr 30.000,-

  • etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-

  • Pedagogisk leiar tillegg: kr 36.000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Asle Natås Legreid

mob: +47 97558490

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: