Ullensvang kommune Oppmot

100% stilling som lærar / miljørettleiar ved OppMot læringssenter

100% fast stilling som lærar / miljørettleiar ved OppMot Læringssenter, fom 01.10.25

 

Vi søkjer engasjert lærar / miljørettleiar ved OppMot Læringssenter. 

OppMot læringssenter er ein del av det spesialpedagogiske grunnskuletilbodet i Ullensvang kommune. OppMot jobbar med samhandling, sosial kompetanse, livsmeistring, relasjonsbygging, psykisk helse. Tenesta arbeider førebyggjande med fokus på samhandling i grupper, fremming av sosial/emosjonell læring, og tru på eigne ressursar.

 

Undervisninga skjer gjennom gruppebasert opplæring og finn stad ved alternative arenaer. Tenesta legg vekt på høg elevaktivitet og praktiske arbeidsmetodar. Tenesta har særskilt fokus på relasjonsbygging og utvikling av sosial kompetanse. Dei tilsette på OppMot arbeidar både individretta og systemretta. OppMot støtter skulane i arbeid med klassemiljø og inkluderande fellesskap. Elevar som får tilbod ved OppMot Læringssenter har vedtak i opplæringslova. 

 

Det er fire fast tilsette ved OppMot læringssenter, og to mellombels stillingar. Verksemda har base på Digranes gamle skule og disponerer eigen bil. OppMot er fast deltakar i kommunens ressursteam som arbeider på systemnivå. OppMot kan og delta i ambulerande team i samarbeid med grunnskulane. 

Vi søkjer deg som er/har:

  • Engasjert og motivert lærar med godkjent lærarutdanning for grunnskolen.

  • Engasjert og motivert vernepleiar, barnevernspedagog eller med annan godkjent relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.

  • Erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.

  • Har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast.

  • Er dyktig til å byggje gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer.

  • Er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner.

  • Er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø.

  • Er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skolen.

  • Er god på å skape eit trygt og godt læringsmiljø.

  • Er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

  • Har førarkort klasse B.



Me tilbyr:

  • Ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • Eit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester og skular.

  • Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.

  • Lønn etter avtaleverk

  • Arbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.

 

Krav:

  • politiattest

 

Er du den vi søkjer?

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

 Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Leander Djønne

mob: +47 41182202

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: