Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

100% stilling som vernepleiar / sjukepleiar ved Tenesta for funksjonshemma, Kinsarvik

100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleier,langvakter og arbeid kvar 4.helg ved Tenesta for funksjonshemma, avd. Kinsarvik 

 

Om oss:

Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driftar eit avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad. 

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet, og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader. Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester til personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Veiledning

  • Samarbeid med pårørande

  • Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar

  • Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta

  • Turnusen inneber døgn og langvakter med arbeid kvar 4. helg

 

Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å klare det, og for å oppnå størst mogleg sjølvstende for brukarane,  vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det kreves difor at du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsatte rutinar.
Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan opplevast fysisk og psykisk utfordrande. 

 

Kvalifikasjoner:

  • Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte

  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet. 

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar

  • Førerkort klasse B er ønskelig

Vitnemål og attesteter må lastes opp som vedlegg til søknad

 

Personlege egenskaper:

  • Du må vere personleg eigna til stillinga

  • Glad i rutinearbeide

  • Forståelse for det faglige miljøarbeidet, og ha bruker i fokus

  • Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar

  • Du har ei positiv tilnærming, tek ansvar, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet

  • gode kommunikasjonsferdigheter 


Me tilbyr:

  • For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.

  • Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø

  • Opplæring og rettleiing

  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Det arbeides med ytterligare rekrutteringstilskot for vernepleiarar innan Tenester for funksjonshemma.

 

Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting. 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

21.05.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Simona Jurkiene

mob: +47 46905658

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: