Ledige stillingar som pedaogisk leiar / barnehagelærar i Sekse barnehageærar
Vil du ha verdens viktigste jobb?
Ullensvang kommune har ledig faste stillingar som pedagogisk leiar/barnehagelærar i Sekse barnehage og SFO. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkerar vil andre verte vurderte.
Sekse barnehage og SFO ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell, skog og gardar. Her er det fin pendleavstand til både Odda og Kinsarvik. Plasseringa gjer oss òg mange moglegheiter til variert uteliv, noko barnehagen nyttar seg mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet. Foreldrene er ei fantastisk ressursgruppe som me har eit godt samarbeid med, dei er alltid positive om me treng hjelp, eller om me kjem med nye idear. I foreldreundersøkelsen 2025, der me hadde 100% svarprosent, synte foreldra at dei er veldig nøgd med barnehagen vår. Barnehagen som ligg i den gamle skulen på Sekse gjer at me har mykje areal som gjer oss unike moglegheiter for å leggja til rette for barna sin trivsel og utvikling. Me har blant anna gymsal, romslege avdelingar og mange rom til disposisjon. I desember 2024 stod Sekseparken, det heilt nye uteområde vårt, klart.
Barnehagen har barnehageåret 24/25 hatt 36 barnehageplassar fordelt på to avdelingar, i tillegg har me ettermiddags SFO.
Me ynskjer oss pedagogiske leierar som evnar å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna. I Sekse barnehage og SFO ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.
Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna. Me ynskjer oss pedagogiske leierar med gode samarbeidsevner, både med interne og eksterne aktørar. For å få til dette set me gode kommunikasjonsferdigheiter høgt. Me har jobba med at me skal både gje og få konstruktive tilbakemeldingar på ein god måte. Me har eit stort fokus på eit godt arbeidsmiljø, og me ser etter nokon med godt humør og positiv innstilling, nokon som er løysningsorientert, fleksibel og kreativ.
Som pedagogisk leiar vert det viktig å vera ein synleg og tydeleg leiar Du er opptatt av kvalitet i barnehagen, og ynskjer å utvikle deg faglig. Du må ha evne til å vere med på å utvikle verdiane og læringsmiljøet i barnehagen. Som leiar må du har fokus på å inspirera og involvere medarbeiderar i arbeidet mot felles mål. Du må ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner, og stå trygt i utfordrande situasjonar - men søkje hjelp når du står fast.
Arbeidsoppgåver
Lede det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument.
Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.
Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.
Være aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.
Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.
Kvalifikasjonar og krav
Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30
Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskaper:
Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.
Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.
Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.
Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.
Vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar
medverka til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Lønn i hht tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Gode utdanningsstipend
Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000
Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.
Rekrutteringsbustad i Hovlandstunet
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
11.05.2025
Arbeidsstad:
Sekse
Kontaktpersonar:
Kristina Garen
mob: +47 48137843
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda