Ullensvang kommune Røldal oppvekssenter

70% fast og 18% vikariat som lærar ved Røldal skule

70% fast + eittårig vikariat i 18% som lærar ved Røldal skule 

Røldal skule er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med 48 elevar. Skulen er lokalisert til sentrum av fjellbygda Røldal med gode uteområde. Røldal er kjent for sine flotte fjell, vakre natur og store snømengder. Skiløypene ligg tett til skulen vinterstid og vert erstatta av kunstgrasbane når snøen er vekke. Skulen har tett nærleik til flotte skogar og turområder, og nærmiljøet vert mykje brukt til turar og leik. 

Me søkjer etter lærar, gjerne med brei fagleg kompetanse i 70% stilling frå 11.august 2025. Det vert også ledig eit vikariat i 18% for skuleåret 25/26. Desse to stillingane kan kombinerast. Oppgje i søknaden om du søkjer ein av dei eller begge samla. Me ynskjer eit arbeidsmiljø der begge kjønn er representerte så me oppfordrar menn til å søkje. Me skal frå hausten i gong med eit utviklingsprosjekt som skal fokusere på positivt skulemiljø med verdiar og medverknad i fokus. Me ynskjer difor ein vaksen som er tydeleg, men varm, som ser elevane og er oppteken av å skapa gode relasjonar. Me treng deg som er løysningsorientert, open for utfordringar, kreativ og fleksibel. I og med at me er fådelt skule så har me mange av timane i samanslåtte klassar. Dette gjer at me må tenkje annleis i måten vår å undervise på. Det vil også vere behov for at den som vert tilsett kan undervise i både barneskulen og ungdomsskulen. 

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: 

● Utdanning: Lærarutdanning eller tilsvarande jf. Opplæringslova §17-3. ● Erfaring er ynskjeleg 

● Tydeleg vaksen. 

● Evne til å jobba målretta og systematisk. 

● Evne til å samarbeide. 

● Evne til å utføre arbeidsoppgåver i ulike aldersgrupper på same tid. 

● Interesse for faget - open for endringar. 

● Har sansen for å variere undervisninga i eit klasserom som er både inne og ute. ● Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle elevane. 

● Sjå elevar, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet. ● Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for elevane. 

● God på kommunikasjon, open for å få og gi konstruktiv tilbakemelding. 

● Løysningsorientert.

● Fleksibel og kreativ. 

● Godt humør, positiv og lojal innstilling til skulen og elevane. 

● Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon 

 

Hovudarbeidsoppgåver 

● Vere lærar for grupper som gjerne er samansett av fleire årstrinn. 

● Ha ansvar for å observere elevane og å skape gode høve for utvikling. ● Sørge for eit godt foreldresamarbeid. 

● Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling i tråd med gjeldande kompetansemål, saman med dei andre tilsette. 

● Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og team. 

● Ansvar for oppfølging av enkeltelev om behov 

● Sjå skulen som heilskap og ha omsorg for alle elevane. 

● Vera ein god rollemodel for både elevane og dei andre tilsette. 

● Utføre arbeid delegert av teamet eller rektor. 

 

Me tilbyr: 

● Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø 

● Løn etter etter avtale. 

● Gode høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen 

● Ullensvang kommune har gode rekrutteringstilskot til nytilsette lærarar samt gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

● Me kan vere behjelpelege med bustad i ein oppstartsfase om behov. 

 

Krav: 

● Politiattest 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.05.2025

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Tove Samland

mob: +47 90559187

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: