70% stilling som spesialpedagog / barnehagelærar ved Eidesåsen friluftsbarnehage
Ullensvang kommune har ledig 50% fast stilling som spesialpedagog/barnehagelærar, kombinert med 20% vikariat som barnehagelærar i Eidesåsen friluftsbarnehage. Om mogeleg kan denne kombinerast med stilling i andre barnehagar.
Stillingen er ledig frå 01.07.25
Eidesåsen friluftsbarnehage er ein to-avdelings barnehage med 42 plasser. Barnehagen ligg på ein naturplass 3 km unna sentrum, med ein småbarnsavdeling fra 1-3 år og ein stor avdeling fra 3-6 år.
Eidesåsen friluftsbarnehage har natur og friluftsliv som satsingsområdet, dette har vi hatt siden oppstart av barnehagen i 1991. Barnehagen har for omlag eit år sidan fått profil som friluftsbarnehage. Vårt arbeid tek utgangspunkt i natur og friluftsliv, vi er mykje ute og på tur.
Våre verdier bygger på respekt, mangfold, likeverd og likestilling.
Vi legger til rette for trivnad, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd og førebyggjer krenking og mobbing.
Vår visjon er:
“Opplev venskap og naturglede saman med oss”
Som spesialpedagog har du ansvar for:
Planlegging og utøving av spesialpedagogisk hjelp til førskulebarn
Utarbeida individuell utviklingsplan og årsrapport
Kompetanseheving og rettleiing av tilsette i barnehagen
Samarbeid med foreldre
Samarbeida med andre faginstansar og delta i ansvarsgrupper
Sikra ei heilskapstenking i arbeidet rundt barna - både når det gjeld allmennpedagogikk og spesialpedagogikk
Bidra til systemtenking og iverksetting av tiltak i barnehagen
Bidra til god kvalitet i det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen gjennom tidleg innsats, kompetansedeling og rettleiing.
Samarbeid og deltakelse i nettverk med dei andre spesialpedagogane i kommunen
Særleg ansvar for språkutvikling og lågterskeltiltak for barn i barnehagen
Som Barnehagelærar har du ansvar for:
Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.
Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk
Å medverka til eit godt arbeidsmiljø
Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
Å ha eit tett samarbeid med pedagogisk leiar rundt planlegging av innhald, enkeltbarn, dokumentasjonar, foreldresamarbeid mm.
At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet
Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga
Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar
Ynskte kvalifikasjonar:
Spes.ped: Barnehagelærar med 30 stp i spesialpedagogikk. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf. Lov om barnehage
Spesialpedagogstillingane i Ullensvang kommune er organisert direkte inn i barnehagane, og barnehagestyrar er spesialpedagogane sin leiarUtdanning som barnehagelærar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning.
Anna relevant kompetanse som fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og evt anna fagskolekompetanse vert vurdert.
Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.
Personlege eigenskapar:
Ha kjennskap til og interesse for friluftsliv og aktivtetar i skog og mark
Trivast med å vere mykje ute, drive med friluftsliv, og vere i leik og aktivitet med barna
Ta barnas perspektiv
Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna
Evne til å arbeida sjølvstendig
Evne til å samarbeida
God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding
Evne til å arbeida målretta og strukturert
Løysningsorientert
Fleksibel og kreativ
Vera ein synlig og tydeleg, men mild, vaksen i barnegruppa
Godt humør og positiv innstilling
Evne til å vera til stades og ha fokus på kvalitet
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men positivt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
Gode høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Vi kan tilby rekrutteringsavtale til barnehagelærere på kr. 30 000,- etter ett år i teneste, og ytterligere kr. 30 000,- etter to år i barnehagen.
Krav:
Politiattest
Godkjend tuberkulinstatus
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
30.04.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Heidi Sandvin Vangen
mob: +47 912 45 602
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda