Ullensvang kommune Skare barnehage

100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Skare barnehage

Ledig stilling som fast barne- og undomsarbeider  i Skare barnehage - 100 %, frå 11.08.2025.



Hovudarbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmuligheter for dei.

  • Sørga for eit godt foreldresamarbeid

  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn

  • Vere ein god rollemodel for dei andre tilsette, og barna, i barnehagen

  • Ansvar for å medverka til eit godt arbeidsmiljø

  • Utføre arbeid delegert av pedagogisk leiar og styrar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barne- og ungdomsfag. Andre kan og verta vurdert i stillinga.

  • Erfaring er ynskjeleg

  • Digitale kunnskaper

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget vektlegges sterkt

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å skapa gode relasjon til alle barn

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Godt humør og positiv innstilling

 

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.



Til orientering om Offentleglova:

 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2025

Arbeidsstad:

Skare

Kontaktpersonar:

Andreas Lien

mob: +47 47665715

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: