Ullensvang kommune Vikebygd skule

100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Vikebygd skule / SFO

Engasjert barne- og ungdomsarbeidar i skule/SFO ved Vikebygd skule. 

 

Frå august 2025 vert det ledig inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Vikebygd skule. 

 

Vi søkjer ein dyktig og engasjert barne- og ungdomsarbeidar til å jobbe med elevane ved skulen vår. Som tilsett hos oss vil du ha ei viktig rolle med å inspirera og rettleia elevar, samt å delta aktivt i arbeidet med barn i skule og SFO.

På Vikebygd skule arbeider vi for å skape eit varmt, inkluderande og trygt skule- og SFO miljø.  Her vil du møte aktiv læring, uteskule og ein SFO som har fokus på godt innhald og ulike aktivitetar. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide for eit trygt, godt og inkluderende skule- og SFO miljø.

  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar med barn i skule og SFO.

  • Arbeide med barn med særskilde behov.

  • Delta aktivt i utviklingsarbeid.

  • Samarbeide med kollegaer, foreldre og andre instansar.

  • Oppdatere seg faglig og være innovativ.

  • Bidra til et godt arbeidsmiljø.

  • Gjennomføre ulike oppgaver delegert av SFO-leiar og rektor.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagutdanning, og /eller erfaring frå arbeid med barn i skule og SFO. 

  • Aktuell kompetanse og ferdigheiter som kan knyttast til arbeid med barn i skule og SFO vert vektlagt.

  • Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter.

  • Søkjarar utan fagutdanning kan bli vurdert, og vil då få ei tilsetting som assistent.

  • Personleg eignaheit vil vektlegges ved ansettelse.

 

Personlege eigenskaper

  • Du har evne til å engasjera og motivera elevane i læring og leik.

  • Du er god til å bygge relasjonar mellom vaksne og barn, og mellom barn.

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • Du er en tydeleg vaksen.

 

Vi kan tilby

  • Eit trivelig arbeidsmiljø prega av hektiske dagar og fliring i gangane.

  • Ei tilgjengeleg leiing som ynskjer å spele på lag med deg.

  • Gode utviklingsmoglegheiter.

  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.

  • Eit normalt arbeidsår, med 37,5 timar i veka og 5 veker ferie

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

  • Bedriftshelseteneste.

 

Anna:

  • Tilsetting skjer i henhold til gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

  • Vi gjør merksam på at søkjarar kan førast opp på offentleg søkjarliste, sjølv om søkjaren har bedt om anonymitet. Dette vert du varsla om.

  • Ved tilsetting må gyldig politiattest ihht § 17-11 i Opplæringslova fremleggjast før tiltredelse.

  • Ved tilsetting kreves tuberkuloseundersøkelse for søkjarar som i laupet av dei siste tre åra har oppholdt seg sammenhengande meir enn tre måneder i land med høg førekomst av tuberkulose iht. tuberkuloseforskriftens § 3.1 og 3.2.

  • Attestar og vitnemål legges ved søknad.

  • Referansar registreres ved førespurnad etter intervju.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.04.2025

Arbeidsstad:

Kontaktpersonar:

Elin Mikkelsen Grønlien

mob: 47906213

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: