Ullensvang kommune Veisane barnehage

100% stilling som pedagogisk leiar ved Veisane barneahage

Ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.03.2025 - stillingsstorleik 100%

Arbeidsstad: Veisane barnehage på Lofthus

 

Info om stillingen

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leia og samordna det pedagogiske arbeidet i samsvar med gjeldande lovverk, politiske vedtak og kommunale avgjersler

  • Ansvar for å leia og å organisera arbeidet på avdelinga

  • Kjenna til og respektera kommunal visjon og mål som er sett for barnehagen

  • Skapa trygt og inkluderande miljø for alle barn

  • Legga til rette for undring, leik, læring og utvikling for alle barn

  • I samarbeid med anna personale ansvar for eit inkluderande miljø 

  • Hovudansvaret for avdelinga i høve til barn, foreldre og personale

  • Ansvar for at avdelinga nyttar forskingsbasert grunnlag i det pedagogiske arbeidet, planlegging, gjennomføring, vurdering og val av tiltak

  • Skal kunna nytta og omsetta forskingsbasert kunnskap/teoriar til pedagogisk arbeid 

  • Samarbeid med andre faglege instansar

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjent barnehagelærar utdanning

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Evne til å jobba didaktisk

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon 

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner

  • Evne til å ta ansvar og jobba sjølvstendig

  • Du må vera tilgjengeleg, sensitive, tydelege, varm, støttande og opptre som støttande stillas for barna i leik, kommunikasjon og samspel

  • Medverka til lærande organisasjon, kollektiv læring og delingskultur

  • Serviceinnstilling

  • Godt samarbeid med barn, foreldre og kollegaer

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid 

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette barnehagelærarar på kr. 30 000,- etter eit års teneste, og kr. 30 000,- etter to års teneste



Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov om barnehage §30, og politiregisterlova §39

  • Godkjend tuberkulinstatus

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon




Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.



Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.02.2025

Arbeidsstad:

Lofthus

Kontaktpersonar:

Marianne Meling

mob: +47 46966557

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: