Ferievikar ved Turistinformasjonen
Turistinformasjon:
Sommarjobb på turistinformasjonane i Odda, Kinsarvik og Jondal
Har du lyst på ein spennande jobb i sommar? På turistinformasjonane i Odda,
Kinsarvik og Jondal søkjer me deg som ønskjer å hjelpe turistar med informasjon om
Ullensvang og som vil bidra til at turistane kjenner seg velkomne i kommunen. I denne vertskapsrolla må du ta godt imot turistane og formidle informasjon om
overnattingstilbod, aktivitetar, arrangement, transport og liknande.
Arbeidsoppgåvene dine vil vera å formidle informasjon til turistar på engelsk og norsk i person, på telefon og på e-post.
Me søkjer etter deg som:
- Er serviceinnstilt og profesjonell i møtet med turistar.
- Er komfortabel i engelsk og norsk både munnleg og skriftleg.
- Har kjennskap til heile kommunen, og spesielt området der den aktuelle turistinformasjonen ligg (Odda/Kinsarvik/Jondal).
- Er ansvarsfull, sjølvstendig og lærevillig.
- Er over 18 år. Søkjarar over 16 år kan vurderast.
Det er størst behov for sesongmedarbeidarar frå juni til ut august. I tillegg er det
positivt om ein har høve til å jobbe i mai og september, spesielt i helger.
Turistinformasjonane har ulike opningstider. Ein arbeidsdag vil vera på 7,5 time
innanfor tidsrommet kl. 09-19 i Odda og innanfor kl. 09-17 i Kinsarvik og Jondal.
Ein vil vera fleire på jobb innanfor desse tidsromma. Arbeid minst kvar 3. helg må reknast med.
Me ber om at du i søknaden spesifiserer om du ønskjer å jobbe i Odda, Kinsarvik eller Jondal og kva tidsrom du kan jobbe i.
Løn etter tariff.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.03.2025
Arbeidsstad:
Ullensvang kommune
Kontaktpersonar:
Julia Celina Aase
mob: +47 476 15 852
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda