100% stilling som mijøterapeut ved Mjøstølen avlastning
100% stillingar som miljøterapeut ved Mjøstølen avlastning
På Mjøstølen avlastning yter vi tenester til familiar med barn med særskilte behov. Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov, og har døgndrift.
Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar. Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester, samt støtte og hjelpe kvarandre i arbeidet. Akkurat no prøver vi ut ein turnus med langvakter, etter ønske frå dei tilsette. Dette vil gi fleire opphold mellom kvar arbeidsperiode.
Vi har ledig;
- Vi har ledig to 100% faste stillingar.
- Vi har også eit ledig 100% vikariat, frå april 2025 til og med mars 2026, med moglegheit for forlenging.
Vi søker primært etter miljøterapeut til stillinga, men høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn, erfaring og interesse for faget og brukargruppa.
Det er ønskelig med oppstart i stillingane snarast mogleg.
Du må gjerne ringe oss for ein uforpliktande samtale!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.02.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Karina Sjurstræ
mob: +47 91357069
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda