100% stilling som byggdriftar ved Byggdrift
100% stilling som byggdriftar ved Byggdrift
Forstår du viktigheten av god eigendomsdrift? Har du fagbrev eller har teknisk fagskule og ønskjer å bidra til positivt arbeidsmiljø? Då ønskjer vi din søknad!
Driftsavdelinga i kommunens verksemd Byggdrift ligg under kommunalområde Teknikk og miljø. Avdelinga har i dag 22 engasjerte kolleger med høg fagleg kompetanse. Vi er stasjonert i Jondal, Kinsarvik, Utne og Odda samt Skare og Røldal
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 135 000 m2. Driftsavdelinga hjelper og i gjennomføringa av byggeprosjekter, enten som nybygg, eller tiltak i eksisterande bygningar.
I dei komande åra vil utviklinga av drift fortsette med teknisk vedlikehald og utvikling av portefølgen vår. Dette stiller høge krav til vår avdeling med syn til struktur, planlegging og kompetanse. Driftsavdelinga har no ledig stilling som byggdriftar.
Arbeidsoppgåver
• følgje opp energieffektiv og miljøvennlig drift av tekniske systemer som varme, ventilasjon og elektro i kommunens bygg
• drift av basseng
• følge opp internkontroll/HMS for bygg og tekniske anlegg
• behandle avvik innmeldt frå verksemder relatert til drift av bygg
• følgje opp eksterne rammeleverandørar og innleigde firma
• utføre og hjelpe ved kartlegging av vedlikehaldsbehov og gjennomføring
Kvalifikasjonar
• relevant fagbrev eller teknisk utdannet innanfor byggdrift/rør/elektro/automasjon/ventilasjon/tømrer - - relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
• gode datakunnskaper og erfaring med datasystemer som arbeidsverktøy
• gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
• førerkort klasse B
Personlege eigenskaper
• Vi søkjer etter medarbeidere som er opptatt av kvalitet og som er fagleg oppdatert. Du er tilpasningsdyktig, løysingsorientert, kreativ og har evne til heilskapstenking. Det er også viktig at du er fleksibel og positivt innstilt til endringar og nye forslag.
• Brukergruppa har stort mangfold som best vert møtt med respekt og glimt i auga. Vi ønskjer oss personar med gode samarbeidsevner, og som er sosial og omgjengeleg. Du må være åpen for andre sine meningar, erfaringer og kompetanse og kunne dele av din kunnskap.
Vi tilbyr
• løn etter gjeldende avtaler
• offentleg tenestepensjonsordning gjennom KLP
• spanande arbeidsoppgåver med stort potensiale for utvikling
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.02.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Jostein Kaland
mob: +47 99218461
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda