Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg

100% vikariat som helsefagarbeidar ved Røldal PLOMS

Røldal pleie og omsorg søkjer helsefagarbeidar

Ledig 100 % permisjon fram til og med 30. november 2025.

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spennande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire dyktige medarbeidarar i kommunen. Kommunen har om lag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levere gode tenester, vere ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget. 

 

Om arbeidsplassen:

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune. Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg. Me treng no ein helsefagarbeidar til heime-tenestene i Røldal. Tenesta omfattar tenestemottakarar som bur heime. Tenesta er samla i eit lite kollektivt bustadområde i Røldal, der tilboda ligg tett ved kvarandre i leilegheiter, samt dei som bur i sine eigne hus og leilegheiter. Me ønskjer at tenestemottakarane skal oppleve respekt, tryggleik og forutsigbarheit i tenesta. Samstundes ynskjer me at tenestemottakarane skal ha ei oppleving av sjølvstende og meistring. Stillinga har i utgangspunktet arbeid kvar tredje helg.

 

Hoved arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av tjenestemottakarar etter vedtak og behov
  • Oppgåver knytte til legemiddelhandtering
  • Førefallande arbeid på kjøkken, nokre oppgåver knytte til ernæring og tilbereding av måltid på bukollektivet
  • Besvare tryggingsalarmar frå omsorgsbustadene og elles på bygda
  • Bistå kollegaer ved tyngre oppgåver
  • Dokumentasjon og overføring av informasjon



Ynskte kvalifikasjonar:

  • Skriftleg og munnleg norskkunnskap eller flytende svensk
  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Relevant kompetanse innan BPA
  • Me ynskjer deg som har/er:
  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeidsevner, men og sjølvstendig i arbeidet
  • Fleksibel, strukturert og kreativ
  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Bra lønn etter hovudtariffavtalen
  • Me er behjelpelige med å skaffe/leige husvære.
  • Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest (ikke meir enn 3 månadar gammal)
  • Førarkort klasse B

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.02.2025

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Aria Rezai

mob: +47 477 08 116

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: