80% til 100% fast stilling som regionkoordinator Hardanger / Voss
80-100 % fast stilling som regionkoordinator
Om regionen
Hardanger/Voss Kompetanseregion er eit regionalt samarbeidsorgan innan oppvekstsektoren for kommunane Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss. Kompetanseregionen tilbyr tenester til omlag 40 barnehagar, 30 skular/oppvekstsenter, 3 PPT kontor og 3 vaksenopplæringssenter.
Hardanger/Voss kompetanseregion har som mål å samarbeida om oppgåver som blir løyste betre på regionalt enn på lokalt nivå.
Samhandlingsarenaene er mellom anna knytt til barnehage, skule, PPT, vaksenopplæring, IKT og andre som t.d. UH, Statsforvaltaren i Vestland, KS, Statped Vest, Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) og Vestland Fylkeskommune.
Stillingsomtale
For å koordinere samarbeidet i regionen har me ledig fast stilling som regionskoordinator frå 01.04.2025.
Informasjon om stillinga
Regionkoordinator er pådrivar for utviklingsarbeid og kompetanseheving i regionen. Koordinator er bindeleddet i organisasjonen og har ansvar for å koordinere nasjonale føringar til Hardanger/Voss kompetanseregion. Samarbeidet skal bidra til å styrka kommunane sin kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren. Dette skal gjerast saman med dei øvste leiarane innan oppvekst i dei fem samarbeidskommunane - styringsgruppa.
Stillinga vil innebera reiseverksemd i heile regionen.
Det kan vera aktuelt å kombinera koordinatorstillinga med anna arbeid i ein av samarbeidskommunane.
Arbeidsoppgåver
fungera som bindeledd mellom dei ulike aktørane i regionsamarbeidet
overordna ansvar for oppfølging og koordinering av tilskotsordningane
organisera ulike møter, kurs og samlingar
bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av tilskotsordningane
lokalt gitt eksamen
administrative oppgåver og økonomioppfølging
heimeside
Dine kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning med formell kompetanse innan skule eller barnehage
Erfaring frå å leia utviklings- og endringsarbeid
God kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne frå oppvekstsektoren
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Leiarerfaring eller utdanning er ein fordel
God kompetanse innan IT
Førarkort
Vi ynskjer ein person som:
Er sjølvstendig og initiativrik
Er strategisk, strukturert og målretta
Har evne til å skape og oppretthalde nettverk
Er motiverande og nytenkjande
Byggjer kultur for samarbeid og har gode samhandlingseigenskapar
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Tlsetjingsvilkår
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsstad i ein av samarbeidskommunane
Nynorsk vert nytta som skriftspråk
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.02.2025
Arbeidsstad:
Hardanger/Voss
Kontaktpersonar:
Anna Maria Kråkevik
mob: +47 970 78 337
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda