100% stilling som bibliotekar / konsulent ved Ullenvang bibliotek
Arbeidsgjevar: Ullensvang kommune
Stillingstittel: Bibliotekar/konsulent
Tilsetjingsform: Fast 100%
Tenestestad: Odda som hovudsak, men det kan bli naudsynt å bidra til ulike utviklingsoppgåver også i Kinsarvik og Jondal.
Kven er me?
Ullensvangbiblioteka består av filialane i Jondal, Kinsarvik og Utne og hovudbiblioteket i Odda. Me er totalt åtte tilsette i ca 7 årsverk ved biblioteka og saman betener me kommunen sine omlag 11.500 innbyggjarar.
Me har ei vakant stilling på hovudbiblioteket i Odda. Stillinga skal dekka generelle oppgåver på biblioteket, men det er også særskilt ønske om kompetanse og interesse innan formidling og digitale plattformer.
Biblioteka nyttar i dag systemet Mikromarc, men me skal i 2025 gå over til nytt biblioteksystem, noko som kjem til å involvera alle tilsette ang. deltaking, praktisk overgang og opplæring.
Me kan tilby løn etter tariff.
Kven er du?
Me leiter etter deg som:
● Har relevant utdanning innan nokre av områda bibliotek/litteratur/formidling/IKT på minimum bachelornivå
● Har gode digitale kunnskaper
● Har gode norsk- og engelskkunnskapar
● Har interesse for kultur- og litteraturformidling
● Likar å arbeida med mennesker
● Ynskjer å vera med på å utvikla bibliotektilbodet i kommunen
● Trivst med varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
● Skrankearbeid og brukarkontakt
● Delta i planlegging og utvikling av det bibliotekfaglige arbeidet
● Delta i planlegging og utvikling av bibliotektilbodet
● Andre oppgåver som er lagt til verksemda
Vi søkjer deg med følgjande eigenskapar:
● Fleksibilitet og samarbeidsvilje
● Høg serviceinnstilling
● God munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode pedagogiske evner
● Tek nye utfordringar raskt og er strukturert i oppgåveløysinga
● Ønskelig med førarkort for bil
Me legg vekt på at søkjaren er personleg skikka til stillinga.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.02.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Else Marie Sandal
mob: +47 97558487
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda