Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage

2 stillingar à 100% som fagarbeidar ved Eitrheimsvågen barnehage

2 stilling à 100% som fagarbeider/Assistent ved Eitrheimsvågen barnehage, frå 01.03.25

 

Vi ynskjer dykk som er engasjert i barnehage og vil vere med å utvikla barnehagen velkommen. Vi legg stor vekt på å bygga god relasjon i alle ledd og vareta eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. 

Eitrheimsvågen barnehage held til på Eitrheim, like ved Statens Vegvesen, Boliden og har store utearealer, skog og leiekplassar. Barnehagen har gjennom ei årrekke lagt vekt på Sosial kompetanse, Autoritative vaksne, natur språk og kreativitet. Barnehagen har samarbeid verksemder i nærmiljøet. 

Vi er stolte av å ha utarbeida ein intern progresjonsplan 0-6 år for utvikling og handlingsplan mot krenkelser og mobbing, der målet er å sikra eit systematisk og målretta arbeid til det beste for barna. Tryggheit og omsorg i eit leikande og skapande miljø for alle.

Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året.

Barnehagen har 6 avdelinger fordelt 114 plassar.

Ynskjer du å komme som nytilflyttar til kommunen?

Kom og jobb hos oss!

 

Kompetanse:

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar, samt erfaring frå barnehage vert vektlagt

 

Hovudarbeidsoppgåver og medansvar for:

  • Utvikla og gjennomføra det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

  • Barne-og ungd./ass har medansvar for tilrettelegging av omsorg, aktivitet og leik for barn/barnegruppe.

  • Dokumentera, observera og være med å vurdera det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

  • Medverke til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.

  • Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehageloven og rammeplan for barnehage.

  • Medverke i utviklingsarbeid inkluderande barnehagemiljø.

 

Ønska Kvalifikasjonar:

  • Interesse for faget og barnehage

  • Evne til å arbeida målretta og systematisk.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

  • Personlege eigenskapar:

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å bygga gode relasjonar med barna

  • Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel med evne til å arbeide strukturert

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til god kommunikasjon

  • Fokus på kvalitet i tenesta

 

Vi kan tilby:

  • Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.

  • Løn etter hovedtariffavtalen.

  • Kommunen arbeider med gode lønns- og rekrutteringsavtaler som skal vere interessante og konkurransedyktige.

  • Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderande arbeidsliv).

 

Krav:

  • Politiattest; ikkje eldre enn tre månadar

  • Norsk kompetanse tilsvarende nivå B2

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.02.2025

Kontaktpersonar:

Asle Natås Legreid

mob: +47 97558490

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: