100% stilling som barnehagelærar ved Eitrheimsvågen barnehage
Fast 100% stilling som barnehagelærer fra 01.03.2025
Eitrheimsvågen barnehage
Eitrheimsvågen barnehage har 114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.
Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar har du ansvar for
Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.
Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk
Å medverka til eit godt arbeidsmiljø
Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
Å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.
At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet
Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga
Tverrfagleg samabeid med ulike instansar
Kvalifikasjonar
Utdanning: Barnehagelærerutdanning, andre søkarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.
Erfaring er ynskjeleg
Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
Digitale kunnskaper
Personlege eigenskapar- og interesse for faget vert sterkt vektlagt.
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskaper:
Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Evne til refleksjon, gjera vurdering og setje inn tiltak til det beste for barna
Evne til å arbeida sjølvstendig
Evne til å samarbeida
God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding
Evne til å arbeida målretta og strukturert
Løysningsorientert
Fleksibel og kreativ
Robust
Godt humør og positiv innstilling
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men veldig kjekt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Rekrutteringsavtale
etter 1 år som barnehagelærar får ein utbetalt kr 30.000,-
etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-
Pedagogisk leiar tillegg: kr 36.000,-
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
14.02.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Asle Natås Legreid
mob: +47 97558490
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda