Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

100% vikariat som vernepleiar / sjukepleiar ved Tenester for funskjsonshemma, Kinsarvik

100 % stilling vikariat som vernepleiar / sjukepleiar med langvakter ved Tenesta for funksjonshemma avd Kinsarvik. 


Arbeidsstad Broto i Kinsarvik

 

Om oss:

Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for

vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driv også avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.

Vår målsetting er å leggje til rette for at

tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv

arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for

brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

 

Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege

utfordringar.

Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.

 

Vikariatet er ledig frå dags dato. Varigheit 6 måneder med moglegheit for forlenging. 

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid
  • Legemiddelhandtering
  • Veiledningsansvar
  • Samarbeid med pårørande
  • Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar
  • Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta
  • Turnusen inneber langvakter med arbeid kvar 4. helg

 

Kvalifikasjoner:

  • Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevanhøgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte.
  • Me ynskjer deg som har eit stort hjarta for denne brukargruppa, og som brenn for å gjera ein engasjert jobb for brukarane. 
  • Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar
  • Du har ei positiv tilnærming, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet
  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet. Interesse for musikk er eit pluss.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar
  • Du må vere personleg eigna


Me tilbyr:

  • Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Opplæring og rettleiing, og ei arbeidstid som inneheld fagtid.
  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen


Krav:

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.01.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Therese Bakke

mob: +47 90408273

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: