Faste helgestillingar som helsefagarbeidar - stillingsstorleik 3 x 14% (3. kvar helg) og 3 x 21% (2. kvar helg), Bråvolltunet
Faste helgestillingar som helsefagarbeidar - stillingsstorleik 3 x 14% (3. kvar helg) og 3 x 21% (2. kvar helg), Bråvolltunet
Faste helgestillingar som helsefagarbeidar - stillingsstorleik 3 x 14% (3. kvar helg) og 3 x 21% (2. kvar helg)
Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust Bråvolltunet
Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik på Bråvolltunet. Omsorgstenesta aust er ei samordna teneste, det vil seie at personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 18 langtidsplasser. I tillegg har Bråvolltunet kjøkken og dagtilbod for heimebuande tirsdag og torsdag kvar veke. I heimetenesta yter me ulike tjenester, blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand, BPA og tryggleiksalarm.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt. Omsorgstenesta aust treng faglege og kyndig helsefagarbeidar på laget, som likar å arbeide med spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Høyres dette interessant og spanande ut, ynskjer me å ha deg på laget.
Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhåndtering
- Miljøarbeid
- Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
- Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Halde seg fagleg oppdatert
- Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil)
- Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
- Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, ufaglærte kan søkja
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Førarkort klasse B er ynskjeleg
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeid
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Ulike arbeidstidsordningar - eksempelvis årsturnus og langvakter
- Helgekompensasjon
- Varierte arbeidsoppgåver
Krav:
- Politiattest jfr gjeldande lov
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er
grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal
søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-
post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
19.01.2025
Arbeidsstad:
Kinsarvik
Kontaktpersonar:
Kari Skare Storhei
mob: +47 909 99 842
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda