Ullensvang kommune Helsestasjon

100% stilling som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon

100% fast helsesjukepleiar stilling ved Ullensvang helsestasjon

 

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert helsesjukepleiar for helsestasjonen vår og har behov for helsesjukepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga vert ledig frå 1.april 2025.

Ullensvang helsestasjon består av svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste for grunnskule og videregående skule og helsestasjon for ungdom - HFU i alder 0-23 år og deira familie.

Det er omlag 100 fødslar årleg i kommunen, der me dekkjer eit stort område med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.

Dei tilsette har høg kompetanse og eit stort engasjement. I Ullensvang har me fokus på tverrfaglege og heilheitlege tenester, som kan tilby rask og god hjelp. Dette innebær tett samarbeid med både 1. og 2. linjetenesta.

Me ynskjer oss helsesjukepleiar som saman med dei tilsette på helsestasjonen, kan bidra til å gje eit godt fagleg tilbod til barn og familier i Ullensvang. Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte helsesjukepleiarar, psykolog, jordmødre, helsestasjonslege, fysioterapeut, ergoterapeut, barnekoordinator og helsesekretær, med tilsaman 22 tilsette.

Stillinga inngår i helsestasjons- skulehelseteneste for born og unge i alderen 0-23 år og deira foreldre. Flyktningarbeid vil også være ein del av arbeidet og det vil være eit tett samarbeid på tvers med andre tenester, som til dømes verksemd for Integrering, lege, psykisk helse for born/vaksne med fleire.

 

Ullensvang helsestasjon er med på å medverka at gravide, barn, unge og deira familiar meistrer eigen kvardag. Helsestasjonen er under arbeid med å verta godkjend ammekyndig helsestasjon gjennom Nasjonalt kompetansesenter for amming. Helsesjukepleiarane er vertifisert og nyttar ulike verkty som EPDS, ASQ, ASQ SE, ADBB, EPDS, COS P og NBO for støtte og rettleie nybakte foreldre. I skulehelsetenesta er dei tilsette vertifisert i kognitiv adfersterapi for angstlidingar/symptomer kalla “Cool kids”.

 

Ullensvang kommune nyttar BTI - Betre Tverrfagleg Innsats som modell. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Me er opptatt av å samarbeide på tvers av tenester for å fremjing og kompetanseheving gjennom fag og rettleiing.

Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr. Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss. Søkjer nettopp deg som helsesjukepleiar i vårt fantastiske team.

 

Oppgåver og innhald for stillingen vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil vera:

Helsestasjonsteneste / Skulehelseteneneste med nært samarbeid med fagleiar og kommunen sitt støttesystem i helsestasjon / skulehelsetenesta / oppvekst

 

Krav til kompetanse:

  • Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier ved tiltredelse
  • Utdanning og erfaring med barn og unge
  • Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Arbeid retta mot barn og unge
  • Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar
  • Norsk kunnskapar B2
  • Personlege eigenskapar:
  • Har evna til å arbeida sjølvstendig i team og tverrfagleg
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Er positiv, fleksibel og engasjert
  • Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie
  • Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta
  • Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
  • Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner

 

Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiarar å søkje på stillinga. Personleg eigeskapar vert vektlagd.

 

Andre krav:

  • Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode IKT kunnskaper
  • Godkjent Tuberkulinstatus

 

Me tilbyr:

  • Løn etter lov- og avtaleverk
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i pensjonsordning - KLP
  • Dyktige og omsorgsfulle kollega og eit godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.01.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Torbjørg Krogh Larsen

mob: +47 91140736

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: