100% stilling som fagarbeidar i Røldal barnehage
100% fast stilling som fagarbeidar i Røldal barnehage
Det er ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Røldal barnehage frå 04.02.25. Andre med interesse for arbeid med barn kan også søkja.
Røldal barnehage er lokalisert til sentrum av fjellbygda Røldal. Røldal barnehage har 15 barn i alderen 1-6 år. Der dei per no er fordelt i stor og liten gruppe. Barnehagen ligg i kjellaren til Røldal Grendahus og fekk våren 2024 ei betydelig oppgradering. Alle vegger er måla, golv er nylagt, nytt kjøkken og fleire av romma er blitt lettare og opnare.
Røldal er kjent for sine flotte fjell, vakre natur og store snømengder. Oppvekstsenteret har tett nærleik til flotte skogar, fjell og turområder. Nærområdet vert mykje brukt til turar og leik.
Me ynskjer oss ein barne- og ungdomsarbeidar som likar å arbeida med barn og har eit positivt barnesyn. Du likar å samarbeida med andre, er robust, omsorgsfull og tålmodig. Har evna til å skapa gode relasjonar og vera løysningsorientert. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikla deg fagleg og arbeida for eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:
● Vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
● Skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
● Vera aktiv med borna i leik og bidra i aktivitet
● Ha eit godt og positivt samarbeid med andre ansatte og foresatte
Kvalifikasjonskrav:
● Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, andre relevante utdanninger eller erfaring kan vurderes
● Erfaring frå arbeid med barn og unge
● Digitale kunnskaper
● Personlege eigenskaper og interesse for faget vert sterkt vektlagt
● Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i forståing, lytteforståing og muntlig kommunikasjon
● Krav om politiattest. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltredning, jf. Lov om barnehager § 30
● Godkjent tuberkulinstatus
Me tilbyr:
● Interessant og spennande arbeid med barn og unge
● Dyktige, positive og løysningsorienterte kollegaer
● Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
● Lønn etter hovudtariffavtalen
Me ser fram til å høyra frå deg.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.12.2024
Arbeidsstad:
Røldal
Kontaktpersonar:
Malin Rabbe Myrheim
mob: +47 913 01 457
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda