100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Tyssedal barneskole, SFO
Tyssedal Barneskole - Barne og ungdomsarbeider i SFO og skole
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.Kommunen har omlag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget vårt.
Ledig fast stilling som barne og ungdomsarbeider - stillingsstorleik 100 %
Arbeidsoppgåver:
- SFO
- Oppfølging av elever med særskilte behov
- Planlegge og delta på ulike aktiviteter, turer, ol
- Samarbeide med pedagoger og fagarbeidere på skolen
Ynskte kvalifikasjonar:
- Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider eller tilsvarende, men ufaglærte kan også søke
- Ser muligheter i alle elever
- Digital kompetanse
- God relasjonsbygger
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig og pliktoppfyllande
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Godt elevsyn
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Utruleg kjekke kollegaer
- Høflege og kjekke elevar
- Spennande og variert arbeid
- Utviklingsmuligheter
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.11.2024
Arbeidsstad:
Tyssedal
Kontaktpersonar:
Ruth Therese Hylland Gravdal
mob: +47 93626184
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda