100% stilling som fagvernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
Fagvernepleiar i 100% stilling
Eidesbrotet bufellesskap er eit heildøgns omsorgstilbod for personar med nedsett funksjonsevne i Odda, Ullensvang kommune. Stillinga vil ha base ved Eidesbrotet bufelleskap, men kan og vere ein resurs ut mot andre einingar i tenesta.
Stillinga er på dagtid i vekedagane, og med arbeid 12 t - vakter kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg rettleiing til tilsette i tenesta er hovudoppgåva.
- Fagvernepleiar har saman med leiinga, ansvar for å arbeide systematisk for fagleg kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i verksemda.
- Fagvernepleiar skal ha medansvar, saman med leiar, for å organisere opplæring av nye medarbeidarar, studentar og lærlingar.
- Sjå til at rutiner knytt til brukarane er optimale og vert fylgde opp. Utvikle og fylgje opp rutiner og prosedyrer, mellom anna gjennom kontakt med andre verksemder.
- Medvirke til at tjenesten har fokus på å prøve ut og iverksette velferdsteknologiske tiltak tilpasset målgruppa, og ha fokus på nye arbeidsmetoder.
- Fagvernepleiar er stedfortredar for avdelingsleiar, og må pårekne nokre administrative oppgåver i samråd med avdelingsleiar.
- Det må påreknast noko arbeid på ettermiddagstid når det er naudsynt, for rettleiing og oppfølging av tilsette, tenestemottakarar og pårørande.
Kvalifikasjonar:
- Off. godkjend vernepleiar
- Skriftleg og munnleg norskkunnskap
- Erfaring fra veiledningsarbeid vert lagt vekt på
- Erfaring frå bruk av IT verktøy
- Erfaring med denne brukargruppa
Personlege eigenskapar:
- Du må vere fagleg dyktig, engasjert og brenne for arbeidet du legg ned.
- Du må vere systematisk, ha evne til å motivere andre og vere ein god lagspelar.
- Du må ha ein god evne til å tenka kritisk og arbeide sjølvstendig.
- Du må vere ein positiv og engasjert medarbeidar som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Rekrutteringsavtale for nytilsette vernepleiar: kr. 30000 etter 1 år, kr. 30000 etter 2 år
Krav:
Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Kveld
Søknadsfrist:
24.11.2024
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Simone Jurkiene
mob: +47 46905658
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda