Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg

40% vikariat som helsefagarbeidar ved Røldal PLOMS

Helsefagarbeidar 40% vikariat som helsefagarbeidar i heimesjukepleien i Røldal PLOMS

Om arbeidsplassen:

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, om du er glad i friluftsliv og
vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg. Me treng no ein helsefagarbeidar til heimetenesta i Røldal. Tenesta
inkluderer heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader. Tenesta er samla
på eit lite område i Røldal, der desse tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenesta har basen sin i bygget som tidlegare var sjukeheim. 6 av
omsorgsbustadene (bukollektivet) ligg i dette bygget, og bebuarane får sine
tenester som heimebuande der. Heimesjukepleien i Røldal yt tenester til ca
30 brukarar, ein ynskjer at brukarane skal oppleva respekt, tryggheit og
forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at brukarane skal ha ei
oppleving av sjølvstendigheit og meistring. Heimesjukepleien skal yta
lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, men dei +este brukarane er
eldre med ulike behov. Stillinga har i utgongspunktet arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:
● Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av brukarar etter vedtak og behov
● Oppgåver knytt til legemiddelhandtering
● Førefallande arbeid på basen/bukollektivet, noko oppgåver knytt til ernæring og tilbereding av måltid på bukollektivet
● Besvare tryggheitsalarmar frå omsorgsbustadene og ellers på bygda
● Bistå kollegaer ved tyngre oppgåver
● Dokumentasjon og overføring av informasjon

Ynskte kvalifikasjonar:
● Skriftleg og munnleg norskkunnskap
● Autorisert helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar eller assistent
● Gode digitale ferdigheiter
● Gode kommunikasjons-eigenskapar

Me ynskjer deg som har/er:
● Godt humør og positiv innstilling
● Gode samarbeidsevner men og sjølvstendig i arbeidet
● Fleksibel, strukturert og effektiv

Personlege eigenskapar:
● Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
● Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Me er behjelpelege med å ska>e/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
● Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), +eksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:
● Politiattest
● Førarkort klasse B
● Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

03.11.2024

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Aria Rezai

mob: +47 477 08 116

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: