Ullensvang kommune Nav

100% stilling som trivselsvaktmester ved NAV Ullensvang

Ledig fast stilling som Trivselsvaktmester i Nav Ullensvang - stillingsstorleik 100 %

 

Arbeidsstad: Oppmøte i Odda

Snarleg oppstart

 

Trivselsvaktmester er ei nyoppretta stilling ved Nav Ullensvang. Personen kjem til å jobbe i tospann med ein allereie tilsett person. Trivselsvaktmestrene skal arbeide med personar som bur i kommunale bustader og av ulike grunnar har låg busevne, særleg personar med psykiske helseproblem med og utan rusavhengigheit.

 

Trivselsvaktmestrene skal foreta besøk hos alle i målgruppa. Målet er å skape relasjon til bebuarane og hjelpe dei med å skape ein trygg heim og eit forhold til eigen bustad gjennom å gjere små reparasjonar, rydde og lignande. Ein vil også kunne oppdaga eventuelle skader på bustaden eller fare for at skade kan oppstå tidleg. Trivselsvaktmesteren vil vere ein kombinasjon av vaktmester til enkle vedlikehaldsoppgåver, samt bistå leigetakar i å håndtera dette på eigen hand ved å gi god veiledning og opplæring. Det vil også bli lagt vekt på å halde orden på uteområder, slik at gode naboforhold ivaretas.

 

Gjennom motivering og samarbeid om fleksible ysingar skal ein oppnå at beboer får ein høgare buevne, og dermed aukat tryggleik, trivsel og eigarskapsfølelse til bustaden.

 

Mål med stillinga:

  • Meir heilskapleg teneste og forvaltning.
  • Hindre utkastelsar.
  • Betre busituasjonen til dei som er mest vanskelegstilte.
  • Redusere kostnadar til mellombels butilbod.
  • Redusere kostnadar til utbetring av leilegheiter.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Foreta besøk hos alle i målgruppa.
  • Skape relasjon til bebuarane og hjelpe dei med å skape ein trygg heim og få eit forhold til eigen bustad gjennom å gjere små reparasjonar, rydde og liknande.
  • Oppdage eventuelle skader på bustaden eller fare for at skade kan oppstå tidleg.
  • Kombinere vaktmeisteroppgåver med å bistå leigetakar i å handtere dette på eigen hand ved å gi god rettleiing og opplæring.
  • Halde orden på uteområde for å ivareta gode naboforhold.

 

Det vil vere frivillig å ta imot trivselsvaktmester. Arbeidskvardagen vil kreve selvstendigheit, fleksibilitet og samarbeid med aktuelle aktører rundt bebuarane. Trivselsvaktmestrene vil arbeida tett i lag med verksemd for byggdrift, kommunal eigedom og tenesta for rus / psykisk helse.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning, fortrinnsvis helse og/eller sosialfaglig retning
  • Relevant fagutdanning, til dømes byggfag eller elektriske fag
  • Erfaring innan rusarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Arbeidserfaring innan bygg- og vedlikeholdsarbeid kan kompensere for manglande formell fagutdanning
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Fokus på å møte brukarane med respekt og verdigheit.
  • Raus og audmjuk i møte med menneske i vanskelege livssituasjonar.
  • Omgjengeleg og tillitsskapande.
  • Tolmodig og god på å rettleie andre.
  • Likar varierte arbeidsoppgåver og har lett for å omstille deg når det skjer uforutsette ting.
  • Fungerer svært bra i team med andre og er god på samarbeid.
  • Ser etter moglegheiter framfor problem og tek initiativ til å finne løysingar.
  • Sjølvstendig og kan legge opp din arbeidsdag.
  • Taklar stress og har evne til å stå på i utfordrande situasjonar.
  • Robust og har sjølvinnsikt vedrørande når det er på tide å trekkje seg tilbake frå ulike situasjonar.
  • Praktisk og flink på vedlikehald

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spanande arbeid
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Krav førarkort klasse B, gjerne hengersertifikat også

 

Til orientering om Offentleglova:

 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

  

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.10.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Gunnvor S. Medhus

mob: +47 975 58 407

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: