Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter

87% stilling som sjukepleiar, natt ved Bokko bo- og behandling

Stilling som sjukepleiar ledig frå d.d

  • 87% i turnus for tida natt

 

Stillinga er fast Ullensvang kommune for tida ved Bokko bo og behandlingssenter.

 

Bokko bo og behandling har 32 plassar fordelt på 16 langtid, 2 palliasjon, 6 rehabilitering og 8 korttidsplassar. Som sjukepleiar hos oss vil du vera del av eit sjukepleiarteam. Vi har pr dag dato fordelt sjukepleiarane i team på 2 stk som jobber like lange vakter på 13,5 timar. 4 vakter sammen for så å ha ca 6 -7 dagar fri (kvar 3 helg, med gode kompensasjonsordningar). Lange vakter er frivillig. 

Det er 1 fagsjukepleiar og 1 vernepleiar som jobbar dagtid med helg, som held “den raude tråden”. Sjukepleiaren skal ivareta sjukepleiaroppgåver, samarbeide tett med dei andre faggruppene her, gjennomføra legevisitt og ha dialog med pårørande. Oppdatere og dokumentere i journalsystem.



Bokko bo og behandling jobber også med ny oppgåvedeling via KS sitt “TØRN” prosjekt. Involvering og deltaking i prosjektet vil verta aktuelt.


Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiaroppgåver

  • Legevisitt

  • Deltaking i stell og pleie

  • Følgje opp eininga sine målsettingar og yta tenester av god kvalitet.

  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane 

  • Halde seg fagleg oppdatert 

  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil)

  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon

  • Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

  • Pårørandearbeid

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar

  • Gjerne relevant vidareutdanning

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode norsk kunnskaper muntleg og skriftleg, B2 nivå.

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, fleksibelt og løysingsorientert

  • Gode kommunikasjonsevner

  • Fagleg oppdatert, ynskjeleg med brei fagleg bakgrunn.

  • Framoverlent

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid 

  • Lønn etter avtale

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode og fleksible turnusordningar

  • Kompensasjonsordningar


Krav:

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

27.10.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Sigrid Eitrheim

tlf: +47 970 98 779

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: