Ullensvang kommune Renovasjon

100% stilling som sjåfør/renovatør ved Renovasjonen

Ledig fast stilling som sjåfør/renovatør ved renovasjonen- stillingsstorleik 100%

 

Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Vi søker no sjåfør/renovator til arbeid på komprimatorbil og miljøstasjon. 

Gjenvinningsbransjen er i rivande utvikling. Avfall er ikkje lenger berre eit problem, men og ein ressurs. Gode renovasjonstenester gjer at avfall kan resirkulerast og bli til nye produkt, og er slik ein viktig medverknad til berekraftig utvikling. 

Hos oss vil du vere ein del av eit team på rundt 20 tilsette, som saman arbeider for at våre abonnentar skal få ei god og miljøvenleg renovasjonsteneste. Me kan tilby splitter nye garderobar, møterom og matsal på Lindenes Miljøstasjon, og eit kollegium med brei kompetanse i gjenvinningsfaget. I den daglege drifta rapporterer renovatøren til avdelingsleiar renovasjon.

 

Primære arbeidsoppgåver:

  • Innsamling av kjeldesortert avfall frå hushaldningar og bedriftar

  • Mottak og handtering av grovavfall på Lindenes Miljøstasjon

  • Vedlikehald og reinhald av køyretøy 

 

Den som vert tilsett vil måtte pårekna å jobbe innan samtlege av desse områda. Dette inkluderer noko laurdagsarbeid, etter turnus.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Søkarar med klasse C førarkort og godkjend YSK vil prioriterast

  • Maskinførarbevis og fagbrev i gjenvinningsfaget er ynskjeleg

  • Relevant erfaring innan renovasjon er å føretrekkja

  • Det er viktig at du kan samarbeida i eit team, men også arbeida sjølvstendig

  • Kunne kommunisere munnleg og skriftleg på norsk

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • Ansvars- og kvalitetsbevisst

  • Gjennomføringsevne

  • Serviceinnstilt og miljøengasjert

  • God på samarbeid, og vilje til fleksibilitet

 

Me tilbyr:

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.10.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Astrid Alfredsen

mob: +47 468 19 585

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: