Ullensvang kommune Jondal skule

Ringevikar ved Jondal skule

Jondal skule ynskjer ringevikarar som assistent/fagarbeidar

Oppstart etter avtale  

Informasjon om skulen

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har 130+ elevar, og  eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette,  som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen 

  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel 

  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet 

  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • barne- og ungdomsarbeidar 

  • erfaring frå arbeid med barn og unge 

  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Me ser etter deg som: 

  • likar å arbeida med barn og unge 

  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar 

  • er sjølvstendig og fleksibel 

  • har gode samarbeidsevner 

  • er robust, omsorgsfull og tolmodig 

  • er løysningsorientert og initiativrik 

   

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna. 

 

 Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.11.2024

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Sarah Marie Røstbø

mob: +47 95122615

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: