Ullensvang kommune Kinsarvik skule

80% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule

Kinsarvik skule -  vikariat 80% lærar ved Kinsarvik skule

Ledig vikariat som lærar - stillingsstorleik 80 % 

 

Info om stillinga:

Vikariat frå 01.11.24-31.07.25 Ledig lærarstilling ved Kinsarvik skule

 

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 169 flotte elevar!

Ledig 80% vikariat ved Kinsarvik skule, frå 01.11.24-31.07.25

 

Me treng ein lærar som kan undervisa på alle trinn med fokus på faga kroppsøving og musikk.

 

Om skulen

Kinsarvik skule er ein 1-10 skule i Ullensvang kommune. Skulen har 169 elevar, og om lag 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Skuleleiinga består av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 60 % merkantil ressurs.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse

 

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som :

  • trivst i lag med barn og ungdom

  • er ein god klasseleiar

  • er sjølvstendig

  • har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.11.2024

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Hans Petter Andersen

mob: +47 95082934

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: