Ullensvang kommune Oppmot

3 årig prosjektstilling som barne- og ungdomslos i Ullensvang kommune

3 årig prosjektstilling som Barne - og ungdomslos i Ullensvang kommune 

 

Om stillingen:

Barne - og ungdomslos er ein 3- årig prosjektstilling som skal bidra til å styrka det førebyggande arbeidet i kommunen. Personen som arbeider i stillinga skal gi tett oppfølging til barn og unge  i skulekvardagen og fritida. Barne - og ungdomslosen skal samarbeide tett med barnet/ungdomen, samt familie, skule og andre støttetenester. Dette for å sikre at ungdomen skal kunne gjennomføre skulegang og opplæring, og at ungdomen skal få oppleve meistring og trivnad. 

Målgruppa for tiltaket er unge i grunnskulen, overgang til vidaregåande skule

Barne- og ungdomslosen skal i hovudsak arbeide på individnivå, men må påregne seg og arbeide førebyggande inn mot grupper-/klassar-/skulemiljø. Samstundes vil det vere viktig å vere ein bidragsytar i det tverrfaglege samarbeidet på systemnivå, for å utvikle og forbetre tenestetilbodet.

Stillingen er organsiert under Oppvekst og utdanning - og ligg under Oppmot (Alternativ Opplæringsarena). Medan det faglige ansvaret vil ligge til leiar for Ressursteam som igjen er kobla tett opp mot ambulerande team.  

Stillinga er delfinansiert av prosjektmidlar frå Helsedirektoratet. 

Pr. tidspunkt vil stillinga vere stasjonert på Kinsarvik og Opedal skule


Arbeidsoppgåver: 

  • Samarbeid med barn - og unge for å finne gode løysningar

  • Samarbeid med føresette for å styrke oppfølgingen av barnet-/ungdomen.

  • Tett samarbeid med skule og andre støttetenester.

  • Samarbeid med frivillige organisasjoner og sivilsamfunnet.

  • Dagtid m/ flexitid. Det må påregnes noko arbeid på ettermiddag/kveld og arbeid i helger. 



Kvalifikasjonar:

Vi ynskjer at du som barne- og ungdomslos har følgande kvalifikasjonar:

  • minimum 3.årig høgskuleutddanning 

  • Fordel med sosial-/pedagogisk utdanning

  • Erfaring med arbeid inn mot barn og ungdom.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjnig. 

  • Søkarar må ha ordinært gyldig førarkort klasse B.

  • Det vil bli påkrevd politiattest ved ansettelse jf. 

  • Du kan snakke og skrive så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig. 



Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons - og relasjonferdigheiter.

  • Du må vere initiativrik, løysningsorientert og fleksibel.

  • Du må like å arbeide sjølvstendig, men også vere god på samarbeid.

  • Du må ha godt skriftleg og muntleg formidlingsevne

  • Du må handtere høgt arbeidspress

  • Du må like å arbeide systematisk og målretta.



Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver. 

  • Fleksible arbeidsdagar.

  • Flotte kollegaer i eit kjekt fagmiljø.

  • Mogelegheit til å utvikle tenesta og nye tilbod. 

  • Løn etter hovudtariffavtalen.

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Velkomen som søkjar på stillinga

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.10.2024

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Stig Hope

mob: +47 91741793

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: