Ullensvang kommune Odda barneskule

Ringevikar ved Odda barneskole / SFO

Ringevikar ved Odda barneskole/SFO: 

Oppstart etter avtale

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med ca. 300 elevar og ca.70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen 
  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel 
  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet 
  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • barne- og ungdomsarbeidar 
  • erfaring frå arbeid med barn og unge 
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Vi ser etter deg som: 

  • likar å arbeida med barn og unge 
  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar 
  • er sjølvstendig og fleksibel 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er robust, omsorgsfull og tolmodig 
  • er løysningsorientert og initiativrik 

   

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga. 

 

Vi tilbyr: 

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer 
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo 
  • Lønn etter hovudtariffavtalen 

 

  

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og 

 

Krav: 

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.11.2024

Kontaktpersonar:

Erlend Nævdal Bolstad

mob: +47 90182875

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: