Ullensvang kommune Aga barnehage

Ringevikar i Aga barnehagehage for barnehageåret 2024/25

Ringevikar i Aga barnehage barnehageåret 24/25

 

Har du lyst å vera ringevikar i Aga barnehage?

 

Vi held til i byggjefeltet Syreflot på Aga.

Barnehagen har no 30 plassar, fordelt på 2 avdelingar. 

Vi har stort uteområde og eigen gymsal.

Vi nyttar nærmiljøet mykje, t.d. Idrettsanlegget Skotamyra, Agatunet.

 

Ring gjerne styrar Randi Rød Reisæter på telefon 48236464, eller send ein mail til randi.rod.reiseter@ullensvang.kommune.no for meir informasjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Arbeidsoppgåver:

Som ringevikar har du medansvar for:

  • Barna sin trivsel og utvikling

  • Godt samarbeid med barna, foreldra, personale

  • Medverka til eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

  • Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjent tuberkulinstatus

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og positiv

 

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.

  • Løn etter tariff.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.10.2024

Arbeidsstad:

Aga

Kontaktpersonar:

Randi Reisæter Rød

mob: +47 971 98 278

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: