Ullensvang kommune Utneheimen

94% fast stilling (80 % heimehjelp pluss 14% pleiemedarbeidar helg) i Omsorgstenesta vest Utneheimen

Omsorgstenesta vest har ledig ein 94 % fast stilling (80 % heimehjelp pluss 14% pleiemedarbeidar helg) frå dags dato.

Om arbeidsplassen:

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager ein mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.

Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.

Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 70 pasienter.
Tjenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag. Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.


Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt.

Arbeidsoppgåver:

  • Reingjering av rom som er i dagleg bruk
  • Handling
  • Miljøarbeid
  • Stell og pleie
  • Utføra helse - og omsorgsoppgaver etter fagleg standard
  • Følgje opp eininga sine målsettingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tjenestemottaker sine vedtak
  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Profil)
  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

Ynskte kvalifikasjonar:

  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Ingen krav om utdanning , men erfaring innan eldreomsorg er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og godt humør
  • Engasjert
  • Endringsdyktig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Årsturnus
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode
  • permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest
  • Førerkort klasse B
  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.09.2024

Arbeidsstad:

Utne

Kontaktpersonar:

Kari Skare Storhei

mob: +47 90999842

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: