Ullensvang kommune Utneheimen

Fast stilling som kokk/ kokkemedarbeidar i Omsorgstenesta vest Utneheimen - stillingsstorleik 50 % og helgestilling 15 %

Ledig fast stilling som kokk/ kokkemedarbeidar - stillingsstorleik 50 % og helgestilling 15 %.


Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, vaskeri, kjøkken og heimetenester. Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.


Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 50 pasienter.

På kjøkkenet treng me no to nye kollegaer. Saman med dei andre kollegaen på kjøkkenet skal du lage og tilberede mat til pasientane på sjukeheimen og nokre pasientar i heimetenesta.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tilberede frukost , lunsj og kveldsmat
  • Lage middag
  • Lage mat som er tilpassa pasientane sine behov
  • Bake
  • Reinhald

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Ønskelig med fagbrev som kokk
  • Ønskelig med erfaring frå arbeid på institusjonskjøkken eller anna storkjøkken
  • Søkjarar utan fagbrev kan bli vurderte

Personlege eigenskapar:

  • Endringsdyktig
  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Lønn etter hovedtariffavtalen
  • Årsturnus
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og god permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest
  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.09.2024

Arbeidsstad:

Utne

Kontaktpersonar:

Kari Skare Storhei

mob: +47 90999842

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: