Ullensvang kommune Vatn og avløp

100% stilling som ingeniør ved verksemd Vatn og avløp

100 % fast stilling som ingeniør ved verksemd Vatn og avløp i Ullensvang kommune

 

Ynskjer du å bli ein del av Ullensvang kommune sin mest spennande og utfordrande arbeidsplass? Avdeling for vann og avløp (VA) har ledig en nyopprettet stilling som ingeniør, der vi har ei mengde varierte og interessante arbeidsoppgåver til den som blir ansatt. Avdelinga har i dag 18 engasjerte og hyggelige kollegaer med høg fagkompetanse, som kvar dag sørger for sikker vassforsyning av god kvalitet til kommunen sine innbyggjarar. Avdelinga ligg under kommunal sektor for Teknikk og miljø, og arbeidsstad vil væra driftsstasjonen på Hjøllo i Odda. Kommunen nyttar nynorsk som arbeidsspråk.

 

Avdelinga sitt hovudansvarsområde er drift- og vedlikehald av dei rundt 120 VA-anlegga med tilhøyrande leidningsnett, som er spredt rundt i kommunen. Sentralt i dette arbeidet står eit stort antall mindre vass- og avløpsprosjekter som årleg vert gjennomført ved avdelinga. Vi er og involvert i både planprosess og utføringa av større investeringsprosjekter; bygging av vassverk, renseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng og leidningstraséer. Vi utfører jamnleg lekkasjesøk. Tilpasningar til nye og strengere krav vil og verta ei viktig oppgåve dei neste åra.        

 

Andre oppgåver som ligger til avdelingen er vedlikehald og administrasjon av dataprogram, som VA-database, driftskontrollsystem, HMS-system, system for drift, vedlikehold og arkivering. Vi har også sakshandsaming for utsleppsløyve, sanitærabonnement, graveløyve, forurensningssaker, fakturering og budsjettarbeid. Vi gir teknisk bistand i utbyggjingsprosjekter, og uttale til tekniske planer, reguleringsplaner og i byggesaker.     

 

Vi er på jakt etter ein initiativrik person som kan arbeide sjølvstendig, med interesse for fagområdet VA, og gjerne med prosjekterfaring. Du må lika å arbeida med dataverktøy, vera systematisk, og sjå nødvendigheita av god planlegging og utvikling av gode rutiner. Du bør vera serviceinnstilt og ein positiv bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet vi har ved avdelinga. Naudsynt opplæring vil bli gitt.             

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vera en tilretteleggjar i den daglege drifta i samarbeid med fagansvarleg VA

  • Koordinering av ulike VA driftsprosjekter, herunder budsjettering, økonomistyring, prosjektering, innhenting av tilbod, kontrahering, oppfølging av entreprenører, ferdig- dokumentasjon og attestasjon av faktura    

  • Bidra med fagkompetanse i forbindelse med større investeringsprosjekter, hovudansvar for enkelte større prosjekt kan bli aktuelt 

  • Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem Websak, samt andre datasystemer

  • Oppfølging av- og godkjenning av teknisk planar for VA, skriftleg uttalelse til VA-rammeplanar, reguleringsplanar, og byggesaker

  • Handtering av informasjon til innbyggjarar i forbindelse med anleggsarbeid, og utsending av varsel ved spesielle hendingar  

  • Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen

  • Andre oppgåver kan tilfalla stillinga 

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Ingeniør/ sivilingeniør (bachelor/master fra universitet/ ingeniørhøgskole) innan VA /kommunalteknikk/ bygg 

  • Ingeniør/ sivilingeniør innen andre fagområder, gjerne med relevant prosjekterfaring, kan bli vurdert

  • Minimum tre års arbeidserfaring fra relevante fagområder, kompetanse innen vann- og avløpsfag vil bli vektlagt.  

  • Lang relevant arbeidserfaring kan etter vurdering erstatta utdanningskrav

  • Gode IT-kunnskaper og erfaring med digitale arbeidsverktøy

  • Kjennskap til offentlege anskaffingar

  • Interesse for VA-faget  

  • Førerkort klasse B

  • God fremstillingsevne muntleg og skriftleg

 

Personlige egenskaper:

  • Løysingsorientert tilnærming til arbeidsoppgåver med evne til å arbeide sjølvstendig

  • Fagleg engasjert, initiativrik, systematisk og serviceinnstilt med gode samarbeidseigenskaper

  • Evne til å inneha en koordineringsrolle i prosjekter, med god dialog med alle involverte

  • Kunne handtere komplekse saker, og fleire parallelle arbeidsoppgåver i eit høgt tempo 

  • Evne til å identifisera behov og videreutvikling av rutinar 

  • Sjå viktigheita av å bidra til eit godt arbeidsmiljø 

 

Vi tilbyr:

  • Meingsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag

  • Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmogelegheitar

  • Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod  

  • Ordna arbeidsførehald, fleksibel arbeidstid 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Lønn etter avtale

 Ynskjer ikkje kontakt med telefonselgarar!

 

Opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef Teknikk og miljø, Randi Karin Habbestad, tlf 950 37 035

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.08.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Mette Einang Vintertun

mob: +47 913 17 563

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: