Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling

2 stillingar à 100% som sakshandsamar ved Byggesak

2 ledige faste 100% stillingar på byggesak

 

Arbeidsoppgåver:

Me har no 2 ledige stillingar som sakshandamar på byggesak.

 

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har felles leiar med landbruk, havbruk og skogbruk. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse jobber pr i dag 6 personar med byggesak. Grunna overgang til nye stillingar, vert det no ledige stillingar på byggesak.

 

Avdelinga har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, noko som gjer ein rusta til å løyse komplekse oppgåver. På byggesak jobbar ein med mange spanande saker og problemstillingar. Me handterer eit stort lovverk, og samarbeidar med fleire instansar både internt og eksternt. 

 

Vår oppgåve er å sjå til at regelverket og vedtatte planar vert fulgt, samt å drive tilsyn og ulovlegheitsoppfølging, Stillinga kan og verte tillagt andre oppgåver ved behov.

 

Ullensvang kommune nyttar per dags dato Acos websak og kommunekart.com. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Me har stor tru på å dele kunnskap og spele kvarandre betre, så stillinga passar godt både for både nyutdanna og erfarne. 

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis jurist, ingeniør, arealplanleggar.

  • Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning 

  • Kjennskap til plan- og bygningslova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat 

  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Er serviceinnstilt 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen



Me ynskjer ikkje kontakt med annonsørar. 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Iselin V. Hammer

mob: +47 90527954

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: