Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

100% stilling som fagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap

100% fast stilling for fagarbeidar, Eidesbrotet bufellesskap

 

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser ut fast stilling som fagarbeidar i turnus ved Eidesbrotet bufellesskap.

 

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.



Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.

 

Hovedarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid

  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver. 

  • Yte tenester etter gjeldande vedtak

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Veiledningsansvar 

 

Me ser etter deg som

  • kan arbeide sjølvstendig og i team 

  • har gode samarbeidsevner 

  • er fleksibel og positiv til endringar 

  • trivest med å vere i fysisk aktivitet

Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.

Du må og ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr

  • Ein spennande og lærerik jobb

  • Opplæring og rettleiing 

  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

  • Arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

Me søkjer primært etter helsefagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa kan bli vurderte. 

 

Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Simone Jurkiene

mob: +47 46905658

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: