Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling

100% stilling som ingeniør innanfor geodata/oppmåling

100%  fast stilling som ingeniør innanfor geodata/ oppmåling

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har felles leiar med landbruk, havbruk og skogbruk. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse jobber pr i dag 1 person hovudsakeleg med geodata. Denne stillinga vert noe ledig.

I stillinga vil du vere sentral i forhold til kommunen sitt arbeid med geodata. Ajourføring, forbetring og utvikling av kartdatabasane er sentrale arbeidsoppgåver, men du vil og bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil samarbeide med byggesak, plan og landbruk, samt veg og vann- og avløp.

I stillinga ligg det og oppmålings- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Ullensvang kommune nyttar GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis ingeniør

  • Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning 

  • Kunnskap/ erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling

  • Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat 

  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Er serviceinnstilt 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

 

Informasjon om vidare prosess

Ta gjerne kontakt med verksemdsleiar for meir informasjon.

 

Me ynskjer ikkje kontakt med annonsører. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Iselin V. Hammer

mob: +47 90527954

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: