Ullensvang kommune Odda ungdomsskule

100% vikariat som lærar ved Odda ungdomsskole

Ynskjer du å dyrka fram meistring hos ungdomar og bidra til eit godt læringsmiljø? Då vil vi gjerne høyra frå deg! 

Som lærar hos oss får du gode mogelegheiter til å arbeide i eit miljø prega av arbeidsglede, høg kompetanse og til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 230 flotte ungdomar! 

 

Ledige lærarstillingar ved Odda ungdomsskole, skuleåret 2024-25 

Det blir ett 100% vikariat ledig ved Odda ungdomsskole frå 01.08-2024 og ut skuleåret. 

 

Om skulen 

Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling. 

På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skape den gode skulen. 

Skuleleiinga består av rektor og 2 avdelingsleiarar. 

Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har to sosiallærarar/rådgjevarar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk,matematikk og engelsk. 

Skulen har 100% merkantil ressurs.

 

Arbeidsoppgåver: 

● Stillingane er knytt til undervisning. 

● Stillinga som lærar er allsidig og inneberer mellom anna oppfølgjing av elevar, kontakt med føresette, samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartar. 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

● Godkjent lærarutdanning 

● Vi søkjer lærarar med godkjent kompetanse for ungdomstrinnet i faga engelsk og matematikk. ● Vi søkjer lærarar med kompetanse i kunst-handverksfaget. 

● Vi søkjer lærarar med kompetanse i spesialpedagogikk. 

● Vi søkjer kontaktlærarar. 

● Vi søkjer lærarar som har kompetanse og/eller erfaring som sosiallærar/rådgjevar ● God kompetanse i skriftleg og munnleg norsk 

● Trygg brukar av IKT som verkty for læring 

● Vi ber alle med godkjente kvalifikasjonar søkja. 

● Personlege eigenskapar blir tillagt vekt. 

● Vi ber om minst 2 referansar 

 

Personlege eigenskapar: 

Vi ser etter deg som : 

● trivst i lag med ungdomar 

● er sjølvstendig og autoritativ 

● har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse 

● likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar 

 

Vi tilbyr: 

● Varierte arbeidsoppgåver 

● Løn etter hovudtariffavtalen 

● Løn etter avtale (avhengig av stilling) 

● Rekrutteringsavtaler 

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

 

Krav: 

● Politiattest 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Sven Olaf Brekke

mob: +47 97558475

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: