Ullensvang kommune Jondal skule

50% vikariat som fagarbeidar ved Jondal skule og SFO

Ledig 50% årsvikariat som fagarbeidar ved Jondal skule og SFO, fom 01.08.24 - 31.07.25

 

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 138 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.

 

Me jobbar for tida med utviklingsarbeid saman med UH-sektoren og Hardanger-Voss kompetanseregion. Dette arbeidet går over to år, og tema er djupnelæring. 

 

Me søkjer etter fagarbeidar for skule og SFO.

Kvalifikasjonar:

  • godkjent utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, ev anna relevant utdanning for arbeid i skule

  • relevant erfaring frå skule, SFO, ev barnehage

  • erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging

  • har eller kan ta livredningsprøve for bassseng

  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • har god relasjonskompetanse

  • har god formidlingsevne 

  • samarbeidar godt i lærande fellesskap

  • er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål

  • er løysingsorientert og fleksibel

 

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø

  • eit godt pedagogisk utviklingsmiljø

  • lønn etter avtaleverk

  • hjelp til å finna bustad

  • varierte arbeidsoppgåver

  • spennande arbeid 

  • lønn etter hovudtariffavtalen

  • gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.



Krav:

  • politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.05.2024

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Sarah Marie Røstbø

mob: +47 95122615

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: