Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter

2 stilling à 56% som helsefagarbeidar, natt ved Bokko bo- og behandling

Ledig fast stilling som helsefagarbeider i 56%, moglegheit for høgare stilling med eksta helg (med kompensasjon) eller aftenvakter i veka.

Bokko bo og behandling er ein institusjon i Odda med 16 somatiske langtdisplassar, 8 korttidsplassar, 6 rehabiliteringsplassar og 2 palliasjon plasser. Det er ein spennande arbeidsplass der ein kan utfordre seg i spennande arbeidsoppgåver.

 

Som arbeidstakar på bokko bo og behandling må du trivast i ein hektisk kvardag. Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og det er ofte skifte av pasientar. På korttidsavdelinga og rehabiliteringsavdelinga kjem det får pasientar frå spesialisthelsetenesta og kommunal helseteneste. Arbeidsdagen vil gi ein stor variasjon i helsefaget gjennom ulike diagnosar og kompleksitet. Vi har tverrfagleg samarbeid med blant anna tilsynslege, fysio-/ergoterapauter. tildelingskontor og heimebaserte tenester. Vi er eit godt team med sjukepleiar, helsefagarbeidar og assistentar.

Vi legg stor vekt på fagutvikling for å utvikle tenestene våre. Deling av kunnskap og kontinuerleg forbetring av tenestene gjennom stadig å auke kompetansen, er vårt varemerke. Arbeid med rett bemanning, kompetanse og oppgåvedeling for Bokko bo og behandlingssenter vert jobba med via TØRN KS.

 

Arbeidsoppgåver :

  • Stell og pleie

  • Miljøarbeid

  • Følgje opp eininga sine målsettinger og yta tenester av god kvalitet.

  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane 

  • Halde seg fagleg oppdatert 

  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil)

  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon

  • Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

  • Turnus med regelmessig helgearbeid.


Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar

  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

  • Beherske dataverktøy og gode kunnskaper om journalssystem

  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig minimum B2 muntlig og B2 skriftlig 


Personlege eigenskapar:

  • Må like å jobbe med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet

  • Ha gode samarbeidsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Ansvarsbevisst

  • Ha evne og vilje til fleksibilitet

  • Sjå mogelegheiter og løysingar

 

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Ein har og gode tilleggsordningar med rekruteringsavtale med stipend. Hjelp med bustad der ein ved behov får betalt 3 første månader.

  • Ekstra helg mot kompensasjon

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Sigrid Eitrheim

tlf: +47 970 98 779

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: