Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage

100% stilling som spesialpedagog ved Eitrheimsvågen barnehage

Fast  100% stilling som spesialpedagog fra 01.08.2024 

 

Ved intern tilsetting vil det bli ledig stilling som 100% fast barnehagelærar/pedagogisk leiar.

 

Eitrheimsvågen barnehage

 

Eitrheimsvågen barnehage har 96 plassar fordelt på 5 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.



Hovudarbeidsoppgaver for stilling:

  • Ansvar for planlegging og utøving av spesialpedagogisk hjelp til førskulebarn

  • Utarbeida individuell utviklingsplan og årsrapport

  • Rettleiing av foreldre og tilsette i barnehagen

  • Samarbeida med andre faginstansar og delta i ansvarsgrupper

  • Bidra til god kvalitet i det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen gjennom tidleg innsats, kompetansedeling og rettleiing.

  • Samarbeid og deltakelse i nettverk med dei andre spesialpedagogane i kommunen

 

Kompetanse:

  • Barnehagelærar med 30 stp i spesialpedagogikk

  • Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf. Lov om barnehage.

  • God norsk evne og kunnskap, minimum nivå B2

Spesialpedagogstillingane i Ullensvang kommune er organisert direkte inn i barnehagane, og barnehagestyrar er spesialpedagogene sin leiar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å fylja opp mål som er sett og implementera dei i aktivitetar for og med barna

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera tilstades og ha fokus på kvalitet i tenesta

 

Me/vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtaler

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med stønad frå kommunen

  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Asle Natås Legreid

mob: +47 97558490

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: